Møte i styringsgruppa tysdag den 19.9.06.

 

Desse møtte:  Rune Sæbønes, Per Atle Røe, Kjell Otto Holen, Irene Osvoll, Linda Stokke, Randi Nordang, Bjarne Rekkedal, Eldrid Øye, Ivar Svein Mo og Knut Hustad.

 

I tillegg møtte Hilde Muren og Lars Johan Sæbønes frå Sæbøgruppa og Kåre Gjengedal frå AG Plan og Arkitektur A/S.

 

Sak 36/06 – Gjennomgang av Sæbøgruppa sitt arbeid til no om Sæbø sentrum.  Det vart vedteke at firmaet AG Plan og Arkitektur A/S – i første omgang – får i oppdrag å lage skisse over det ein tenkjer seg skal gjerast i Sæbø sentrum.  Styringsgruppa skal hjelpe til å fotografere bygningar osb. i sentrum.

 

Kåre Gjengedal forlet møtet.

 

Sak 37/06 – Prosjektering av grovavfallsplass i Bondalen. Styringsgruppa vil vere med på å prøve å finne eit eigna areal til ein slik grovavfallsplass.

 

Hile Muren og  Lars Johan Sæbønes forlet møtet.

 

Sak 38/06 – Gjennomgang av saker frå siste møte.  I denne samanheng vart det også opplyst at Eivind Ryste hos Møre og Romsdal fylke er den nye kontaktpersonen vår hos Fylkesmannen/fylket.

 

Sak 39/06 – Det er kjøpt videokanon og framsyningslerret på Bondalen grendahus til ein samla pris av kr. 25.000,-.  Det vart vedteke av styringsgruppa at ein skal støtte dette kjøpet med kr. 6.000,-.

 

Sak 40/06 – Hjørundfjord bygdemobilisering er invitert til ei bygdemobiliseringssamling i Ålesund den 29. – 30.9.06.  Ivar Svein Mo og Rune Sæbønes møter.  Fylket betaler, men reisekostnadane vert dekt av styringsgruppa.

 

Sak 41/06.   Gudmund Årseth har no takka nei til å lage den nye turistbrosjyra for Hjørundfjorden.  Bjarne Rekkedal vil prøve å finne ein ny person som kan ta over dette oppdraget.

 

Sak 42/06.  Hjørundfjord sokneråd søkjer om kr. 5.000,- i støtte til det arbeidet som er utført på kyrkjegardsgjerde og reiskapshus på kyrkjegarden.

 

Vedtak:  Styringsgruppa kan ikkje sjå at det er Hjørundfjord bygdemobilisering si oppgåve å gje gåver til prosjekt som dette.  Svaret er nei til søknaden om økonomisk støtte til Hjørundfjord sokneråd.

 

Sak 43/06 – Framtidskveld på Bondalen grendahus den 28.9.06 – som no er under planlegging.  Orientering v/Rune Sæbønes.

 

Vedtak: Møtet vert halde som planlagt og ein søkjer Ørsta kommune om støtte til skyss på fjorden.

 

Sak 44/06 – Ymse/breiband og t-skjorte.

 

Vedtak:  Knut Hustad får løyve til å snakke med eit firma i Volda om utarbeiding av logo til hjorundfjord.no.

Breiband.  Styringsgruppa vil no engasjere seg for å få til breiband rundt heile Hjørundfjorden.  Brev vert sendt m.a. til Tussa Kraft v/styeleiar.

 

Møtet slutt klokka 2330.

 

Knut Hustad

skrivar