Bilde008

Bruce Springsteen og The Pete Seeger Session fekk det til å koke i Oslo Spektrum (Seier meg lei for den dårlege biletekvaliteten. Slik vert det med mobilkamera med vidvinkel på tretti meters avstand).

Mange stussa nok då Bruce Springsteen på føreåret varsla at han kom med ei plate med amerikansk folkemusikk. Springsteen hadde lenge vore fascinert av folksongaren Pete Seeger. Seeger samla songar i den amerikanske kulturen, alt i frå europeisk inspirerte songar til afrikansk-inspirerte, og slik denne musikken har smelta i hop til eit eige amerikansk uttrykk. På Springsteen si plate "We shall overcome" er musikken presentert både som country, keltiske viser, gospel, jazz og rock'n roll. Oftast er det songar som handlar om dei som bygde det amerikanske landet - og sleit seg ut på det.

I Oslo Spektrum vart det ei glede å få høyre på dette spennande musikkutvalet i to og ein halv time. Springsteen var i form, bandet, med blåsarrekkje, songarar, akustiske gitarar, kontrabass, vaskebrett, trommer osb, var i minst like bra slag.

Det tok etter kvart heilt av. Aldri før har eg vore på ein "sitjekonsert" der til slutt alle stod og klappa og hoja i ekstase. 8.800 i salen let seg forføre totalt.

Brorparten av musikken var frå den siste plata til Bruce Springsteen, men han hadde også teke med fleire av sine gamle songar i konsertrepertoaret. "Atlantic City "i hillbilly-bunad og "The River"som gospelsong var overraskande vriar, men du verda som det fungerte.

Høgdepunkta stod i kø. Dei to nemnde songane er nemnde, og "Jakobs ladder" og "Pay me my money down" frå den siste plata var andre høgdepunkt. Truleg er det berre Bruce Springsteen som kan få ein sal i kok med seg sjølv på song og gitar og to tubaer som akkompagnement!

Det er i det heile vanskeleg å skildre ein slik konsert med ord. Etter ein slik konsert er ein berre tom. Eg lurer på kva i all verda det var som traff meg: Stundom stod eg der jublande, nokre gonger rann tårene, og eg veit med meg sjølv at dette vil vere ei oppleving som vil sitje livet ut.

Hjørundfjordingane som var der, i alle fall underteikna, Finn Børre Holen, Øyvind Taklo og Gunn Humberset, er samde om at det berre er eitt ord å seie: Takk.

Slideshow image