Det var ikkje lett å finne fram, her var så masse buskar og kratt. Derfor bestemde vi oss å følge ei lita sideelv frå Skondalselva - som det var lite vatn i. Då gjekk vi rett på kraftverket. Hilde såg det først, for ho viste det var der. Borna var meir opptatt av å gå i ei elv! Men så viste Hilde, og då såg vi det:

 kraftverket 1

Det er vanskeleg å forstå at dette har vore eit hus. Enda vanskelegare å forstå kva eit kraftverk er og koss det fungerer. Men vi ser iallfall at det er noko gamalt som ikkje er blitt tatt vare på og derfor er øydelagt. Etterkvart fekk vi auge på detaljar:

kraftstasjon 3Kraftstasjon 4 

Er dette generatoren?                      Og her er vel eit koplingsskap?

Kraftstasjon 2

Dette må vere slutten på vassrøret som vart brukt til å drive turbinen.

Vi vart samde om å kome tilbake ein gong her var mindre lauv og gras. Kanskje får Hilde tak i bilde som viser korleis her såg ut før alt vart gamalt og øydelagd.

PS - vart og samde om aldri å gå hit åleine, berre saman med vaksne.