Mikk

Eldbjørg Tvergrov veg storseifangsten til Mikkel Riise. Mykje av seien vart gode måltid på Hjørundfjordheimen.

 

Mikkel Riise og ein kameratgjeng var eit fast innslag på fjorden i sommar. Størst merksemd fekk dei ein måndag då dei kom vandrande gjennom Sæbø med ei mengd storseiar. Dei vart fiska med stong utanfor Lekneset.

I tillegg til stongfiske, har Mikkel og gjengen også fiska med garn. Det vart fiska makrell, torsk, sei og lyr. Noko av fisken vart selt, og m.a. Hjørundfjordheimen var ein viktig avtakar.

Det hjorundfjord.no ikkje fortalde om, var Mikkel sitt forsøk på å lage turrfisk. Vi skal ikkje fortelje for mykje, men det var ei stund behov for gassmasker for dei som ville ha det leveleg i Simanaustet.

 

P7240028

Jannik Bröker, Jakob Hauge Moe, Leon Bröker, Mikkel Riise og Marius Nordnes med storfangst..