Ja, i denne kåringa er det mykje snakk om båt og fjord.  Det er ikkje tilfeldig. Hjørundfjorden er den attraksjonen vi helst viser gjestane våre og gjestane våre vil helst sjå Hjørundfjorden.  Og Hjørundfjorden er vakrast nettopp frå Hjørundfjorden.

For mange av oss kom det som ei positiv overrasking då Fjord 1/MRF besemte seg for å setje inn ei ferje med ein øvre salong, ein salong over bildekk i sommarsesongen.  Ei slik ferje har nemleg vore ynskt i fleire år, men utan resultat.  Men i sommar kom  ferja.

Kvernes

B/F "Kvernes" har gått på Hjørundfjorden i sommar.

For fastbuande er nok ofte ein ferjetur berre eit herk som hindrar folk og bilar i å kome raskt frå A til B.  Om ei ferje har ein øvre salong har ofte lite å seie - ein vert uansett sitjande i bilen på turen over fjorden.  Heldigvis er det ikkje slik for tilfeldig reisande og turistar.

Signal som Hjørundfjord bygdemobilisering har motteke, syner at ferja har blitt sett stor pris på av nettopp tilfeldig reisande og turistar.  Ein tur på Hjørundfjorden har for mange blitt ei oppleving på ein enno uoppdaga fjord.  Sjølvsagt har ein  kunne reise på fjorden også tidlegare.  Har ein ikkje vore nøgd med ferjesalongen under båtdekk har ein sjølvsagt kunne leige seg ein båt.  Men ein ferjebillett er langt rimelegare enn å hyre ein annan båt.

Vi som bur i Bondalen tenkjer gjerne berre på ferjeturen frå Sæbø til Leknes med retur.  Men "turistferja" B/F Kvernes har utan tvil medverka til at det er blitt ein attraksjon å ta seg ein ferjetur på Hjørundfjorden berre for turen sin del.   Å ta ferja ca. klokka 19 frå Sæbø til Trandal med retur ca. klokka 2130 burde langt fleire unne seg.  Då hadde ein i tillegg kunne fått med seg t..d. eit besøk på Christian Gaard på Trandal.

Trandal 058

Dette motivet fekk ein gjerne med seg om ein unnte seg ein ferjetur ombord i B/F Kvernes.

hjorundfjord.no har ved fleire høve fått med seg turistar  i salongen over bildekk som har vore over seg av begeistring av utsikta.  Vi trur at konsekvensen av begeistringa vert at det kjem fleire turistar til fjorden.