alba2

Albatros var den hyppigaste gjesten,

Nokre vil nok innvende at turistskipa legg lite pengar att i fjorden. Skipa går inn til Øye, og nokre av passasjerane tek i mot tilbodet om overlandstur gjennom Norangsdalen til Øye. Likevel, overlandsturane til Hellesylt er med på å skape arbeidsplassar. I ein næringsfattig fjord, er ei bussjåførstilling svært verdfull. Kvar einaste arbeidplass reiselivet skaper, medverkar til å stogge stagnasjonen i Hjørundfjorden.

Det var i januar meldinga kom om at det vart mange turistskipvitjingar til Hjørundfjorden denne sommaren. Atten turistskip var meldinga då. Etter kvart viste det seg at det vart tjue. Særleg to skip var gjengangarar, Albatros og Mona Lisa. Majestetisk kom dei inn fjorden, sjølvsagt i sollys, slik det mest var i heile sommar.

Passasjerane må ha fått nokre utrulege flotte syn av Hjørundfjorden.Då er det at jungeltelegrafen tel. Kanskje kan passasjerane om bord på Albatros og Mona Lisa fortelje til andre om kva som openberte seg i Hjørundfjorden. Kanskje kjem det nye folk på cruise hit, eller dei kjem landevegs til bil.

Uansett, turistskiptrafikken er viktig for Hjørundfjorden.Viss talet på vitjingar aukar meir, må vi i Hjørundfjorden snu oss om. Vi må gje tilbod på land: Suvenirar (ekte frå fjorden), sykkelutleige, matservering osb.

Inntil vidare er det Øye og Norangsdalen som er målet for turistskipa. Det skulle berre mangle, med historia området har. Viss talet på skip aukar like mykje som optimistane seier, må også resten av fjorden vere budde.

Det gjeld Storfjorden/Bjørke, Sæbø og Standal spesielt. Alle stader er det mogleg med overlandsturar eller stopp. Då må desse stadene ha tilbod. Nokre av tilboda er på plass allereie, men dei må systematiserat og synleggjerast. Truleg må vi også ha eit opplegg med tenderbåtar. Det greier vi. Mona LisaMona Lisa kom også.