Bakeri 003

Kanutte(Nutte) og Dagfinn(Daffa) Strand utanfor det nyopna Strands bakeri på Sæbø.

Brød er "in". Brød skal ikkje lenger berre vere eit underlag for det gode pålegget.  Vi godtek ikkje lenger berre å få det oppblåste, billege industribrødet med lite smak.  Brødet i seg sjølv skal no vere eit kulturtilbod - det skal få den gode handverkaren(bakaren) fram i lyset.  Brødet skal i dag t.d. også konkurrere med poteta og risen til middagsmåltidet.  M.a.o.:  Det nyopna Strands bakeri på Sæbø kom til rett tid.

Så seint som i vinter var det svært få av oss som trudde at vi på nytt skulle få eigen bakar  på Sæbø.  Det kom nærast som ei positiv bombe då vi las i lokalavisa Møre Nytt at Strands bakeri på Sæbø skulle nyopnast i turistsesongen.  Denne nyhena kalla fram gamle minner og vi kunne lese om verdens beste skulebollar.

Strands bakeri har levd opp til dei store forventningane vi hadde.  Det var svært så kjekt at også kafeen vart nyopna, men den største positive overraskinga var nok kvaliteten på brøda.  Nokre likte best det runde Hjørundfjordbrødet, andre Ørstabrødet og nokre igjen likte best grovbrødet osb. Men generelt var kvaliteten på brøda over det ein kunne forvente sjølv om "gamle" oppskrifter vart brukte.  Her ein dag fann eg eit Ørstabrød i frysaren.  Då junior smurde seg ei skive av dette brødet, kom kommentaren raskt: - No oppdaga eg kor eg sakna daffabrøda.

Vi har tidlegare opplyst her på hjorundfjord.no at salget i bakeriet på Sæbø gjekk feil veg på slutten av sesongen.  Heldigvis har Nutte og Daffa lova at dei uansett vil opne bakeriet til neste turistsesong - altså til sommaren 2007.  Det er då svært viktig at i alle høve vi som kjøper brød - alltid eller av og til - gjer desse innkjøpa på Sæbø.  Som sagt er brødkvaliteten god, prisen er rimeleg og ikkje minst:  Bakeriet og kafeen fører til auka trivsel.  I Volda er det no opna ein kafe(Mylnå) der dei også seld kvalitetsbrød.  Der har desse brøda no dei første opningsdagane blitt seldt ut før klokka 13.

No hadde sjølvsagt brukarane av hjorundfjord.no sett at Strands bakeri på Sæbø vart heilårsopent.  Men inntil neste sommar får vi nøye oss med å slå av ein prat med dei to - antan dei er på fjelltur eller set ut garn etter laks på Hjørundfjorden.

Daffa og Nutte Laksefiske 014

Tv.: Nutte og Daffa kjem her ned frå ein tur på Grøttdalstinden nyleg. T.v.: Nutte er med og setje garn etter rømt oppdrettlaks.