Barna i Sæbø barnehagen har hatt om brannvern dei siste to vekene. Alle barna har i mindre grupper vore og besøkt brannbilen i garasjen. Den bilen er verkeleg stor, og for nokre kanskje litt skummel. Derfor var det best å sjå han først når han stod heilt stille. Vi prøvde og brannmannstøvlar og klede. Store og tunge var dei ja.

 

branngarasjen 1 branngarasjen 3  

 På samlingane testa vi røykvarslaren. Først dempa dei vaksne lyden, så fekk borna ”full”styrke – i små korte testpip. Til fryd og latter frå store og små. Etterkvart vart det meir alvor, og vi testa heile røykvarslaranlegget i barnehagen. Ti røykvarslarar som er seriekopla og lagar utruleg sterk lyd. Då må alle gå ut av barnehagen og vente på opprop. 

 Dei eldste barna har fått lære om brannvern. Td. at det er viktig å sløkke fyrstikker før vi kastar dei, at om ein finn fyrstikker må ein gi dei til vaksne eller gøyme dei høgt så små barn ikkje får tak i dei. Dei har og lært kor dei skal ringe om det blir brann: ”Ringe brannstasjonen, ringe brannstasjonen 1-1-0, 1-1-0.” 

 Heile tida har vi hatt mange brannmenn i barnehagen. Ein brannhjelm på hodet gir rolla. Syklar blir til brannbil, stigen laga vi i fjor. Hoppetau og pinnar blir til brannslangar og stemmen til den flottaste sirene.

    brannleik 2 Bran

Femåringane fekk og forske litt på ild. I grua ute brant dei tre og bark, plast og nylonstrømoer, silkestoff m.m. Noko brant, noko smelta og noko kokte. Rart.  

brannbilen 10brannbilen 22brannbilen 21 

Høgdepunktet for mange var då brannbilen kom med sterk motorlyd, blålys og sirener. For nokre vart inntrykket så sterkt at dei trengde litt avstand. Andre stod klar til å teste brannslangane og til ein prøvetur med fulle sirener.

  brannbilen 25

Tusen takk til Ole Johan Riise, Roy Lillebø og Oddvar Olsen som stilte opp med bilen.