Bygdemobilisering 002

Prosjktleiar Anna Tokle Amundsen i Ung i Møre og Romsdal, leiar i Hjørundfjorden Bygdemobilisering Ivar Svein Mo og kontaktperson for bygedmobiliseringa i Møre og Rosmdal fylke, Eivind Ryste.

Bygdemobiliseringsprosjekta som var til stades på møtet var Øvre Valldal, Vågstranda, Haram og Hjørundfjorden. Desse hadde ulike utgangspunkt for prosjekta, og gjennom presentasjon av prosjekta og erfaringsutveksling var det mykje å hente.

For Hjørundfjorden bygdemobilisering møtte Ivar Svein Mo og Rune Sæbønes. Prosjektet vart presentert frå starten med at lag og organisasjonar i fjorden gjekk saman for å søkje om midlar, via det store bygdemobiliseringsmøtet i vinter på Bondalen grendehus og dei delprosjekta som har kome i gang, til ungdomsmøtet på grendhuset sist torsdag. Det vart lagt vekt på å vise at mange er engasjerte i mobiliseringa gjennom dugnader osb, at bygdemobiliseringa har mange medspelarar som kommunen og ikkje minst folket sjølve, og at det er viktig for bygdemobiliseringa å fram mulegheitene, og ikkje det som avgrensar oss.

Dei andre mobiliseringsprosjekta hadde fine presetasjonar, og dei er ulike Hjørundfjorden sit prosjekt. I Haram handlar det om å skape eit marina- og turistanlegg med ringverknader. Her er det grunneigarane som står bak. I Øvre Valldal er det også grunneigarane som står bak, og det vert danna eit bygdeutviklingsselskap som tilbyr tenester med m.a. å nytte maskinparken i landbruket. I Vågstranda er det spesielt unge familiar som har gått saman om å danne trivselsprosjekt.

Hjørundfjorden bygdemobilisering fekk spesielt god respons på at vi har fått mykje merksemd med at fleire hundre kom på det første bygdemobilseringsmøtet, at folk møter på dugnader og til slutt at så mange kom på ungdomsmøtet.

Ungdom var eit spesielt tema på samlinga i Ålesund. Anna Tokle Amundsen er nyleg tilsett som leiar for prosjektet Ung i Møre og Romsdal. Ho la stor vekt på at greier vi å gje positive opplevingar for barn og unge, vert det skapt ein positivt identitet, og unge vert stolte av bygda. Det aukar mulegheitene for at ungdom vert verande, og at dei kjem tilbake etter endt utdanning. Ho understreka at bygda sin eigenart må styrkjast, og at bygdene ikkje må etterape dei urbane verdiane. Unge søkjer ikkje bygda for å finne det urbane, men for å finne eigenarten.

Eivind Ryste og Ottar Longva i landbruksavdelinga varsla at dei framover i mykje større grad vil vere rådgjevarar og støttespelarar for bygdemobiliseringsprosjekta. Eivind Ryste er Hjørundfjorden bygdemobilisering sin kontaktperson. Ryste la stor vekt på at bygdemobiliseringsprosjekta må bruke dei og kommunen sitt apparat som medspelarar.

Det vil verte fleire slik treff mellom bygdemobiliseringsprosjekta, eitt til to i året. Vidare vil det verte prøvd danna nettverk bygdemobilseringane i mellom, slik at ein kan utveksle positive erfaringar.