Etter myrstankelbeinlarven sine herjingar på attelegene i vår, fekk mange gardbrukarar svært reduserte grasavlingar på 1. slåtten.  Sjølv om 2. slåtten gav avlingar over normalen, vart likevel sluttresultatet under middels for mange.  Løysinga  har blitt å kjøpe fòr.

Rundballar, lekneset 001Rundballar, lekneset 003

Steffen Nordang er ein av gardbrukarane som har hatt rundballar til sals.  Her lesser han på eit tilhengarlass til Knut Hustad.

No har det synt seg at det ikkje er like lett å få kjøpe fòr, spesielt ikkje i Bondalen der det sjølv i eit normalår er mange som ynskjer å kjøpe.  Løysinga for fleire har vore å kjøpe rundballar i Ørsta eller Volda.  Heldigvis gjorde ikkje myrstankelbeinlarven så mykje skade hos gardbrukarane i Norangsfjorden.  I Norangsfjorden er det og meir areal til disposisjon etter at fleire gardbrukarar har lagt ned drifta dei seinare åra.  Dermed har ein del gardbrukarar i fjorden hatt rundballar til sals.

I Norangsfjorden tilset dei også ensileringsmiddel(syre) i rundballane.  Dermed vert fòrkvaliteten betre.  Dei som kjøper ynskjer sjølvsagt ein god kvalitet på foret og at alle tilset ensileringsmiddel.  Slik er det diverre ikkje.  Tilset syre, seier ein gardbrukar til hjorundfjord.no. - Eg betaler gjerne meirprisen, legg han til.  Dei fleste er nok samde.