Vi røpar sjølvsagt ikkje kva saker som kjem på lista no. Her må lesarane av hjorundfjord.no vere tolmodige og følgje med. Dette er sjølvsagt ei uhøgtideleg kåring, men vi ynskjer med kåringa å vektleggje saker som fremjar trivsel, bulyst og aktivitet i fjorden. 

 

Somarfugl

Admiralen vart årets turist, men kjem ikkje med på ti-på-topp.

Det er mykje som ikkje kjem med på lista. Til dømes er det ikkje plass til årets turist, i alle fall viss vi skal døme etter mengde. Det er sommarfuglen admiral, som kom i eit hopetal på seinsommaren. Siste rapport om denne gjesten frå Syden er at han har kome til Nord-Trøndelag, og framleis flyg mot sin sikre død. På hjorundfjord.no har det også vore ein insektsommar. Det starta med myrstankelbeinlarvar (moldoksar) og slutta med små grøne menn på oljeplattform ute i havet. Vi har lært at nokre insekt kjem frå Syden, at andre overvintrar der dei ikkje skal, og at edderkoppar ikkje er insekt, men faktisk berre edderkoppar.

Molt

Fotballaget, ved Marius Riise, Terje Holen og Lars Urke, begeistra mange i sommar, men fall av mot slutten av sesongen, og dermed ut av ti-på-topp.

Fotballaget var lenge ein kandidat til lista. Fotballaget sjarmerte med bulldosarfotball i sommarmånadene, men då hausten kom, kom også nedturane med tap for Åmdal og tap i opprykkskampen. Då vert det ikkje plass på ti-på-topp.

DSCN1304

Hjørundfjorddagane vart igjen ein publikumssuksess. Konkurransen er hard, og dagane nådde ikkje opp på ti-på-topp i år.

Det er heller ikkje plass til Hjørundfjorddagane, sjølv om det var einskildarrangementet som samla flest. Kanskje er vi litt for blaserte i redaksjonen. Hjørundfjorddagane var i alle fall vellukka, og arrangørane gjorde eit modig og godt val med den unge profilen.

Laksefisket mangla prikken over i-en i år, og kjem heller ikkje med. Fangsten vart i skralaste laget.

DSCN1619

Søndagsopne butikkar, her representert ved Torbjørn Slettedal hos Joker, var svært nær ved å få plass på ti-på-topp-lista. Det er eit flott tiltak uansett.

Svært nær ti-på-topp var søndagsopne butikkar. Redaksjonen håper at dette flotte tiltaket held fram også seinare år. Det har svært mykje å seie for Sæbø og Hjørundfjorden som turistområde.

I tillegg til desse sakene kan vi nemne Commando Raid, rekeborda på hotellet, jonsokfeiringa på Kapteinskvia og sommarfesten på Sæbø. Alle er dette tiltak omtala på hjorundfjord.no, og som er med på å fremje aktivitet og bulyst i fjorden.