Allereie i vår bestemte styringsgruppa i Hjørundfjord bygdemobilisering at vi skulle få laga ei høgkvalitets t-skjorte med hjorundfjord.no på.  No har det nyetablerte firmaet Frost media i Volda fått oppdraget med å kome med skisser til eit t-skjortedesign - eit design som også skal ha eit grafiske element!

Det er Benedicte H. Kjelland, som er grafisk designar i Frost media, som skal lage t-skjortedesignet i samarbeid med Torbjørn Håskjold i same firma.  Dei to var i dag ein tur på Hjørundfjorden for å hente inspirasjon og for å fotografere.  Dei  nytta seg sjølvsagt av M/S Hjørundfjord med Oddvar Olsen som skipper.

Logo 008Logo 002

Benedicte H. Kjelland(t.v.) og Torbjørn Håskjold(t.h.) henta i dag inspirasjon på Hjørundfjorden.

No har styringsgruppa sett svært få krav til korleis t-skjorta skal sjå ut, men vi ynskjer at motivet på skjorta skal vere "hjørundfjordsk", at også andre enn hjørundfjordingar skal ynskje å bruke den og at motivet i ei eller anna form  skal kunne trykkast  t.d. på eit krus.

Om ein skal nemne ei bestemt målgruppe, ja, så er det svært viktig at dei/de yngre skal ynskje å bruke den.  T-skjorta skal vere av høg kvalitet.  Den skal kunne vaskast mykje utan at motivet forsvinn eller  at den misser forma.  T-skjorta  skal lagast i ein jentemodell og i ein gutemodell.  Og berre så det er sagt:  Så langt har det vore svært triveleg å samarbeide med Frost media.

Har de bestemte synspunkt?  Legg igjen ein kommentar.