Nei, det var slett ikkje berre dugnadsgjengen på elverampa fram til Rise som hadde arbeidslyst i dag.  Allereie i morgontimane i dag var tre karar i gong med å støype fundament til det som skal verte carportar(bilbåsar) utanfor sameiget "Fjordtun" på Sæbø.

To av dei som deltok i arbeidet, Ståle Walseth og Tore Frøland, har eigne husvære i "Fjordtun" - tidlegare kjent som Stokkehuset - på Sæbø.  Snikkar Alf Terje Aklestad var innhyra slik at ein kunne vere sikker på at arbeidet vart fagmessig gjort.

IMG_3080IMG_3085

Til venstre Alf Terje Aklestad ved blandemaskina.  På foto til høgre passar arbeidsformann Ståle Walseth på at Alf Terje gjer skikkeleg arbeid.

Til hjorundfjord.no opplyste arbeidsformann Ståle Walseth at det i dette fyrste byggesteget for carportanlegget, vil kome fire carportar/bilbåsar.  Seinare - i byggesteg 2 - vil det verte sett opp ytterlegare tre carportar.  Dermed vil kvart husvære i "Fjortun" få kvar sitt tak å setje bilen under.

IMG_3086IMG_3084

Foto til venstre syner Tore Frøland som trillar betongmasse til Alf Terje.  På foto til høgre har Tore(t.v.) og Ståle seg femminutt.  I bakgrunnen syner Slogen at vinteren ikkje er langt unna.