For ikkje lang tid tilbake gjekk det ein diskusjon om gutar skulle sitje eller stå når dei tissa.  Bakgrunnen for debatten var at gutane på ein skule lenger sør i landet var pålagde å sitje når dei skulle late vatnet.  Den debatten hevar nok Fjellprins frå Urke seg langt over.  Rett nok favorittstillinga hans å sitje, men å sitje når han skal lette på trykket?  Nei, det gjer ikkje denne karen...

vere1

Fjellprins let seg ikkje vippe av pinnen sjølv om han er på eit kåringssjå.  Men så får han no også alle dei damer han vil ha...

For ca. 14 dagar sidan omtalte hjorundfjord.no det aktuelle kåringssjået der hjørundfjordingane sine lammeverar var dei beste i heile kommunen.  Men kven var så den tøffaste?  Utan tvil var det nettopp Fjellprins frå Urke.  Med ei vekt på sikkert  140 kg og 9,5 poeng for kropp av 10 moglege, seier det seg sjølv at det skal noko til for å slå den karen.  Det var dommar Atle Arnesen som meinte at han måtte ha ei så høg vekt som nemnt.  Det tipset skal ein høyre på for Atle Arnesen er ingen smågut sjølv

vere3

Det er ikkje Fjellprins som er årsaka til det blå auget til oppdrettar Helge Urke.

Det er Helge Urke frå Urke som har vore oppdrettar av storeveren Fjellprins.  Denne dagen møtte Helge med ei heller kraftig blåveis, men den skal ikkje veren ha ansvaret for.  Han er nemleg ein snill og likandes kar som likar å verte klappa.  Nei, blåveisa til Helge skuldast eit uhell under foring  av oksar.

No vert kanskje fjellprins seld ut av kommunen.  Han er far til mange og faren for innavl er dermed aukande.  Men storeveren frå Urke får heilt sikkert gjere teneste i eit anna distrikt i fall den må seljast.  Å slakte eit slikt prakteksemplar kjem ikkje på tale.

Stor takk til Knut Arne Årset, Sunnmørsposten, for utlån av foto.