I år skal det skrivast om smedane på Sæbø

Kan dei som har bilete frå dagleglivet på Sæbø frå den tida smia til Olai og Olav Holen var aktiv, tenke seg å sjå i gjennom albumet sitt om ein har eit bilete. Viss det er mulig å skaffe eit slikt bilete så vil vi gjerne låne det for å bruke det i årets årsskrift. Dersom du er i Sæbøområdet/Bondalen så kan eg kome og skanne det inn, men er du utanfor så må  eg ha det tilsendt enten på epost eller i vanleg post. Bilete vil verte levert tilbake omgåande. Vi er også like interessert i dei to andre smedane, Bernt Riise og Simon Rekkedal.Bileta kan ha motiv frå deira virke og frå ting dei har laga.

 Viss du har noko til meg så er eg å treffe på tlf.700 40076(om du ikkje får svar så ring lenge nok så svarer eg på mobil) - mobil 90203236 eller epost: mosveise@tussa.com

 

Med beste helsing

Ivar Svein Mo