Sidan Knut byr på så mange quizar, har eg ein liten ein her: 

 Kva fugl er dette? Det tok meg sjølv ein del tid å finne det ut, men det er ikkje så vanskeleg når du veit kva du skal leite etter :) 

 

Angripen av rovdyr

 

Svaret: Harris Hauk (Parabuteo Unicinctus) 

Eg har ikkje funne heilt klare indikasjonar på at dette er det rette norske namnet, men namnet på latin er rett.

 Harris Hauk har sitt naturlege tilhald i karrig og tørre landskap sør i Nord-Amerika og Latin-Amerika, kjerneområdet er Texas. Harris hauken har nokre eigenskapar som gjer den spesiell. Hauken er sosial, kan gjerne både jakte og eksistere i par, noko som er veldig spesielt for rovfugl. Den er veldig lett å trene for oppvisning og falkonering. Falkonering er kunsten å drive jakte med rovfugl.

Sidan denne hauken er så lett å trene, kan den for oss vere eit nyttedyr. Den vert mellom anna brukt til å halde flyplassar og byområder reine for duer og anna fugl. 

Fleire gode bilete finn ein her: http://www.greglasley.net/harrishawk.html

 

Dette biletet er teke i juli/august 2003 i Benalmádena.  Benalmádena var ein tidlegare fiskarlandsby som ligg på den spanske solkysten, nærmaste store by er Malaga. Vi var då i Fuengirola og gifte vekk eit vennepar av oss, foreldra til kameraten er lærarar på den norske skulen i Fuengirola og stod for å sette i stand til bryllaup.

I Benalmádena er det eit stort akvarium og dyrepark, det siste tilskotet til dette var taubane opp til toppen av det lokale fjellet. På dette fjellet har ein utsikt til Afrika og store delar av kysten, men viktigaste av alt - så var dette området sett av til disposisjon for eit firma som dreiv med trening og bevaring av rovfuglar. Her hadde dei våre vanlege ørnar, gribb, kondor, ugler, falkar, haukar og fuglar som me ikkje hadde noko anelse om at dei eksisterte. For min del vil eg seie at dette var veldig interessant og veldig lærerikt, ikkje var det noko veldig med trengsel heller.

 

Dette kan veldig gjerne vere den same fuglen:  Harris Hauk i Puerto Banus, Puerto Banus er i Marbella som ligg like ved.