Biblioteket, som ligg sentralt på kaia i Sæbø sentrum, er ein av filialane til Ørsta bibliotek. Som regelmessig brukar av bibliotektenestene har eg registert at talet på brukarar ikkje er stort, særleg er ungdom og barn nokså fråverande, og mange verkar som om dei ikkje er informerte i det heile om den gode servicen som biblioteket kan tilby.

Ja, tenk dykk denne skatten som finst her til bruk for alle som vil, heilt gratis! Det er berre å låne med seg heim og levere attende ( ein får ikkje skjenn om ein gløymer leveringsfristen ein gong…), og ein treng ikkje svare for om ein verkeleg har lese bøkene heller. Bibliotekmedarbeidar Solfrid Holen har nyleg fått oppretta elektronisk samband med bokregisteret på hovudbiblioteket i Ørsta, og ho skaffar bøker derifrå om det skulle vere ønskjeleg, og alt kan leverast attende hos henne på Sæbø. Har ein ønskje om nyinnkjøp av ei spesiell bok, er ho ikkje avvisande til det heller. Solfrid gjer nemleg alt ho kan for å tilfredsstille kunden.

Det å lese det skrivne ord er noko av det rikaste og mest nyttige ein kan ta seg til. Og for dykk som har barn i huset, les høgt for dei og legg også til rette for at barna sjølve får høve til å verte kjende med litteratur av ulikt slag. Barne- og ungdomsavdelinga på biblioteket har eit mangfaldig utval.

Dette minner litt om prat frå ein gammal lærar, vil de no kanskje innvende. Men, det er også eit anna vesentleg moment her, nemleg kommuneøkonomi og politiske fakta. Statistikken for utlånet ved biblioteka ligg ved sakspapira, og skal pengar sparast med nedskjeringar, veit vi at det er utkantane som må blø! Så kom dykk på biblioteket og sørg for å få utlånsstatistikken opp! Berre slik er vi sikre på at eit særs godt tilbod i Sæbø sentrum kan halde fram med å eksistere.

Biblioteket har desse opningstidene:

Tysdag:  Kl. 11.00 – 15.00
Torsdag: Kl. 15.00 – 19.00