Her eg sit og blar i mine utallige laksenotatar, renn det meg i hug mang ei laksehistorie.Eg fekk lyst å fortelje om då eg for  40 år sidan nesten vann fiskereise til Bahamas.På den tida var det eit fiskemagasin som heitte "Napp og Nytt." Kvart år var det konkurranse om den største fisken av dei ymse fiskeartane. I august månad er oftast laksen "elvasteden," han har mist si blanke drakt og framstår mørkare, i gytedrakt. Nett det var nok årsaka til at eg aspirerte til draumereisa!  Eg fekk ein laks på 11,7 kg i nettopp den stand som skildra ovanfor. Då var det vanleg å sende laksen vi fekk til Ålesund med rutebåten. Til Karl Johan Standal fiskeforretning. Ja, ein Hjørundfjording! Så vart gjort. I september månad var det tur til Ålesund for å få oppgjer for fiskane vi hadde send i sesongen.Saman med min eldre bror, Rolf. Fisken vart gløymt. Pengane nytta til å kjøpe fiskeutstyr i "bya," med tanke på neste sesong. Tenk det! På forsumaren neste år vart eg ein dag merksam på Nils Årseth som stod og ropte på meg og vifta med eit blad i døråpninga til forretninga. I nettopp "Napp og Nytt" gjorde Nils meg merksam på at eg hadde vunne 2. premien i klassa  sjøaure, vekt 11,7 kg!  Eit gåvekort på 500 kr til kjøp av fiskeutstyr i bladet. Ein fiskar frå Finland hadde vunne med ein sjøaure på 11,9 kg.Eg forstod ingenting. Men for å gjere resten av historia kort. Karl J. Standal hadde teke laksen for ein sjøaure. Fordi drakta på laksen så seint i sesongen kunne gjere at han kunne verte  forvekslast med ein aure. Han hadde sendt inn rapport til "Napp og Nytt." Han hadde aldri før fått tilsendt ein slik stor sjøaure! Eg hadde ein litt flau smak i munnen då eg mottok gåvekortet. Men skitt, au. Eg hadde nok og sagt ja til ein tur til Bahamas...... Som eit apropos kan nemnast at min største sjøaure i Bondalselva er 7,2 kg. Som eg trur er den største teken i "nyare tid."Denne artikkelen er kanskje for spesielt interesserte. Om eg ser at tilstrekkeleg mange les dette, vil eg tillate meg å legge inn fleire historier fra mine opplevingar i elva. Om Hjørundfjordportalen tillet meg det.