Dugnadsstart Hustad bru
Arbeidsleiar for dugnaden Irene Osvoll orienterar.Fv.Irene Osvoll,bak Irene Hilde Straume,Jostein Koppen,Arnljot Frøland,med ryggen mot Magnar Aklestad, Åge Osvoll,Bernt Arve Hustad og Sondre Mo

 

Presis kl. 11.00 var ein god og handfast gjeng samla for å delta i dugnaden. Irene, som er leiar for arbeidsgruppa der ho har i lag med seg Matias Aarskog og Hilde Straume, orienterte kva arbeidet går ut på. Folk møtte med nødvendigt utstyr som motorsag, beiteryddar, traktor og handreidskap.

Arbeidsfolka fordelte seg frametter rampa og begynte og sage og rydde skogen.Arbeidet som skal gjerast er rydding og beskjæring av skogen. Når dette er ferdigt må vi leige maskinar som kan slette og gruse elvaførbygginga og bygge ut kvileplassar der det skal settast ut bord og stolar. Det vert spurdt forskjellige lag om dei kan være ansvarleg for kvileplassane for at folk skal føle at dette er folket som eig.

 Paus
Kl.13.00 var det velfortent pause på klubbhuset.

Etter eit par arbeidssomme timar var det invitert til mat på klubbhuset. Her hadde Alvhild Ville, Hilde Straume, Irene Osvoll og Bente Skår laga til mat med pølse og brød og kaffi med god kake. Stemninga er utruleg god på slike dugnader og vil du møte bygdefolket i den beste stemning så møt opp ein slik dag, her kan det meste ordnast av problem som skulle være blant bygde folket når alle er i ei slik stemning.

Bente Skår og Hilde Straume
Bente Skår og Hilde Straume

 

Helge Starnd og Jostein Koppen
Helge Strand og Jostein Koppen.Desse to er tidlegare kåra til Årets bondalingar for sin innsats i kultiveringsarbeidet i Bondalselva.

Jon Urkegjerde og Gunnar Stokke
Jon Urkegjerde og Gunnar Stokke 

 

Åge Osvoll og Magnar Aklestad
Åge Osvoll og Magnar Aklestad.

Det lysnar på rampa til Rise

Når det gjekk ut på ettermiddagen hadde rampevegen lysna skikkeleg og Irene, Sondre og Bente gler seg over det som er gjort. 

Dugnaden varde utover til kl.17.00 og Hjørundfjorden bygdemoblisering takkar deltakarane for innsatsen og vi håper at dette skal folk få betalt tilbake gjennom ei bygd som er på god veg til å verte trivelegare å bu i.

 

Ivar Svein Mo