Trandal, sauesanking 003

Sola tittar fram over Lekneset.

Målet med ferjeturen er Trandal - igjen. I sommar har Trandal kome nærmare.  Dermed vert ikkje ferjeturen så lang og ein kan bruke tida på dekk.  Men er det noko å sjå no etter at vi har fått ei skikkeleg rotbløyte?  Dumt spørsmål - svaret er sjølvsagt ja.  Plutseleg skin sola over Lekneset også - nei, ikkje så lenge, men nok til at ein blir i godt humør.  Er det ikkje fødd ein ny verdsborgar på Lekneset i år også?

Nye skår

Snu deg rundt - og så ligg løyndomsfulle Skår der.

Snu deg rundt - og så ser du løyndsomsfulle Skår.  Det er vel ikkje å ta for sterkt i å hevde at Skår har ein av dei vakraste setredalane i Hjørundfjorden?  Og sjå den vakre fossen som kjem ned frå denne dalen.  Vert denne fossen og elva lagt i rør tru?  Vi treng vel meir elektrisitet?

Trandal, sauesanking 007

M/S Hjørundfjord

Før  Trandal er nådd,  passerer M/S Hjørundfjord og skipper Oddvar Olsen ferja på babord side.  Oddvar har flagget til topps.  Er kampen om snøggbåt på Hjørundfjorden avgjort ein gong for alle?

Trandal, sauesanking 031

Standal i eit ettermiddagssolgløtt.

Frå Trandal ser vi over til Standal.  Korleis går det no med hyttefeltplanane på Standalseidet?  I går las vi nemleg i Møre Nytt at Fylkesmannen bestemt går imot at det skal leggast ut eit større felt for mange og store hytter nettopp på Standalseidet.  Vil Asgeir Standal og dei andre som bur på Standal godta dette?  Vil å så fall inntektene på Standal i det alt vesentlege også i framtida måtte kome frå grustaket til venstre på biletet?  Vert det no ei småbåthamn på Standal? 

Og er det ikkje ei elv vi ser opp til venstre?  Er det her det eventuelt skal byggast kraftverk?

Kan kanskje ein eller annan svare?