DSCN0901

M/S Hjørundfjord er klar for fotballtur til Kvamsøya

Sjølv om poengfangsten har vore dårleg i det siste, er ikkje alt håp ute med tanke på kvalifisering for opprykk. Men då må det verte siger mot Kvamsøy, og det er spelarane motiverte for.

- Då treng vi publikumsstøtte, seier oppmann Øyvind Taklo.

Han fortel til hjorundford.no at det er avreise frå Sæbø kl. 10.30. Det er rekna med litt i underkant av ein to timars tur, og kampen byrjar kl. 13.30.

- Det vil koste 200 kroner tur-retur. Det er også prisen spelarane betalar. For den summen får folk med seg ei flott sjøreise og kanskje Sæbø-siger, seier Taklo.