Somarfugl3

Her ser vi undersida av vengja.

 

Sommarfuglane dukka i slutten av august opp i hopetal på denne spesielle rosa blomen på eit tre som er i hagen på Sæbøneset. Eg veit ikkje namnet på planten (pinleg) men han slo ut i full blomst nest siste veka i august. Bileta av sommarfuglane er tekne den 1. september.

 Sommarfugl2

Biletet er ikkje altfor skarpt, men vi ser mot fronten av sommarfuglen.

Faktisk var det eit tjuetals sommarfuglar samstundes på blomane på dette treet (kanskje ein slags syren). Humlene og kvepsane trekte seg unna.

Vi har sjekka på på nettet, og kan røpe at denne sommarfuglen faktisk er ein trekksommarfugl (!). Han kan ikkje overvintre i Noreg. Sommarfuglen kjem frå Sør-Europa om våren. Han formeirer seg i Noreg, og larvane veks opp på brennenesleblad. På seinsommaren forpuppar larven seg til sommarfuglar, og dei lever så langt som til Nord-Trøndelag. Sommarfuglane døyr ut i løpet av oktober.