Me starta turen med å ta oss ein tur fram på Tverbakken  for å kikre, ein får eit godt overblikk derifrå både over sauene som beitar i Frølandsdalen og dei som beitar i fonnene ovanfor Frøland. Me fekk sjå ein del sauer oppe i Skredene på høgre side av Bjønndalen og bestemte oss for å satse på desse. Me måtte då gå over Brattelva til Heimesetra og vidare derifrå og opp i Bjønndalen .Oj og pappa

Odd Jarle og Kjell har fått auge på sauene

Oppe i Bjønndalen var me innom hellaren til onkel Per, kanskje betre kjent som Jakob- Per. Dette er eit av mange prosjekt som onkel Per har hatt, men han fekk aldri fullført det. Grev, grafse, øks og anna reiskap låg der framleis, onkel Per har nok hatt litt av ein jobb med dette. Litt krut måtte visst også til har eg høyrt.( Per står også omtal i årsskriftet ”Frå Hjørundfjord” nr 20)

pappa heller

Kjell ved helleren, inni er det plass til fleire personar

redskap heller

Ein del av reiskapen til onkel Per ligg der framleis

Me fordelte oss oppover Skreda, den eldste og sprekaste gjekk øvst og den yngste og ikkje fullt så spreke nedst, så var det berre å sette i gang.

Det var svært tørt oppe i høgda og dei få oppkomene der vatnet framleis sildra var temmeleg nedtrakka av beitedyr.

sauer

"Må me heim no?"

Etter kvart fann me kvar våre flokkar og byrja å jage heimover, ovanfor tregrensa gjekk det greitt, men nede i krattskogen var det meir strev, sauene sneik seg under bjørkeleggane, men det var verre med oss. Då me hadde kome ovanfor Storfonnklipa fekk me samla flokkane, men det var alt for bratt å ta dei ned, me måtte krysse ei ur og kome oss fram på Støylfonna før me kunne byrje å drive dei nedover.

utsikt

Utsikta var upåklageleg sjølv om det var litt disig

Å drive ein saueflokk på over 30 dyr som gjerne vil gå kvar sin veg kan vere ein prøvelse for både kondisjon og tolmod sidan det er så tettvokst at du knapt kan ta deg fram enkelte stader. Eit godt triks eg då har er å sjå føre meg spekekjøtlår og juleribber som dansar nedetter fjellsida, då ser eg alltid mykje lysare på situasjonen.

 blåbær

 Blåbæra er forsatt store og fine oppe i høgda, så det er ikkje for seint....

 Då me endeleg såg Bøgardsledet kunne me være sikre på at dagens jobb snart var unnagjort. 1/5 del av sauene var då i trygg forvaring på innmarka. I skrivande stund manglar me no omlag 80 lår og ribber.