
- Eg skåra to, seier Marius Riise (t.v.) til Jomar Leknes og Kai Arne Skår. - Ja, men vi skåra også, seier dei.
Sæbø hadde altså tre tap på rad før kampen mot Kvamsøy. Laget opna slik laget har gjort dei siste kampane, litt puslete. Etter kvart tok Sæbø grep om kampen, og det ar fortent at Jomar Leknes gav Sæbø leiinga etter atten minutt. Han sprang igjennom på ein flikk frå Marius Riise.
Kvamsøy utlikna eit kvarter på pause på eit kunstmål, då ein angripar lobba akkurat der han skulle lobbe for å overliste Martin Liaskar i Sæbø-målet.
I andre omgang var Sæbø det førande laget. Midtveges i omgangen gav Kai Arne Skår Sæbø leiinga på eit knallhardt skot frå skrått hald. Han vende med ein mann i ryggen, og skaut i lengste hjørnet for målvakta.
Marius Riise auka til 3-1 fem minutt for slutt på ei gjennomløping, før Kvamsøy reduserte til 2-3. I kampens siste minutt kom Marius Riise igjennom igjen, runda målvakta, og skaut ballen i ope mål.
Dermed vart det siger 4-2 for Sæbø. Opprykkshåpet lever enno for Sæbø, men det er ikkje altfor stort. Åheim/ÅVK2 må avgje poeng i begge sine siste kampar, og Sæbø må slå Bergsøy2 i sin siste kamp den 30. september på Sæbø stadion skal Sæbø få kvalifiseringsplass. Åheim/AVK2 skal møte Bergsøy 2 og Moltustranda.
6. div. Avdeling 2
Lag | S | Vunnet | Uavgjort | Tapt | Mål | Poeng |
---|
1. | Åheim/ÅVK 2 | 14 | 9 | 2 | 3 | 53 - 35 | 29 |
 |
2. | Sæbø | 15 | 9 | 1 | 5 | 48 - 29 | 28 |
 |
3. | Åmdal | 12 | 8 | 3 | 1 | 35 - 16 | 27 |
4. | Bergsøy 2 | 13 | 7 | 3 | 3 | 42 - 24 | 24 |
5. | Tjørvåg | 15 | 7 | 2 | 6 | 40 - 35 | 23 |
6. | Flø | 14 | 5 | 1 | 8 | 26 - 42 | 16 |
7. | Moldtustranda | 13 | 3 | 3 | 7 | 24 - 30 | 12 |
8. | Gjerdsvika | 15 | 2 | 3 | 10 | 20 - 56 | 9 |
9. | Kvamsøy | 13 | 2 | 2 | 9 | 23 - 44 | 8 |
Endå ein aktiv brukar... (23.09.2006 kl. 10:19)
Rune oppnådde i allefall å få endå ein aktiv brukar på portalen, kanskje fleire må provoserast til det??
Unn Frøland
Litt spøk er ok (23.09.2006 kl. 09:10)
Ok, men husk at bruker ein kraftige ord i utide så kan ein få problemer å nå fram når ein virkeleg treng det.Det var dette med å rope ulv...Føler nokon seg trakka på så skal vi ta det alvorleg veit du.I allefall lukke til videre og behandl Rune S.pent, for dokke treng han videre i mange år framover!
Ivar Svein Mo
Hehe (23.09.2006 kl. 01:56)
Vill berre sei til deg Ivar Svein at det var berre en spøk... Han Rune Thomas gjer ein god jobb:)
Marius Riise
Marius skårar igjen (22.09.2006 kl. 12:00)
Du har rett Marius, det var eit lite stunt. Det var så positivt at du byrja å skåre igjen etter ei stund med målturke. Elles er det heilt vanleg å bruke arkivbilete til å illustrere saker. Det uvanlege med denne illustrasjonen var sitatet. Eg er likevel ganske overtydd om at Marius på heimturen med M/S Hjørundfjord ikkje unngjekk å nemne at han skåra to mål. :-)
Rune Sæbønes
Sæbø vann 4-2 (22.09.2006 kl. 11:03)
Eg vi seie med eingong to ting, alle har lov og kome med kommentarer her på sida om det dei har på hjarte, og det andre er at eg har svært lite greie på fotball.Etter at det har kome kampreferat på portalen med bilete og gode tekster så les eg alle og gler meg over utviklinga til fotballlaget.Dokke er ein livsnerve ibygda!Har lese denne artikkelen også og synest den var god, eg også såg at bilete måtte være eit frå arkivet, og teksta under er laga for å gjere artikkelen god, og framhever dokke som gode spelarar.Er kritikken meint så alvorleg som du skriv Marius. Kunne vi finne ut i lag om her er noko gale i sjølve artikkelen eller om det er berre bilete og underteksta? Vi tek ein liten open diskusjon her på portalen, så kanskje vi er samde til slutt om at Rune S. gjer ein flott jobb for fotballen i Hjørundfjorden, sjølv om det går litt fort i svingane med detaljane. Ser fram til svar frå deg eller nokon andre som meiner noko om saka.
Ivar Svein Mo
Reporter stunt (21.09.2006 kl. 18:09)
Eg vil lyse ut at delar av denne nyhenda er oppsiktsvekkande falsk! Sitatet "Eg skåra to, seier Marius Riise (t.v.) til Jomar Leknes og Kai Arne Skår. - Ja, men vi skåra også, seier dei." har aldri forekomt og bilda er henta frå ein annan kamp
Vi spelte ein bortekamp og dette er bilde frå sæbø stadion!!
eit skremmande reporterstunt av sportsreporter Rune Sæbønæs, spyrjamåle eg stiller til reporteren er: "kva ville du oppnå med dette stuntet?"
Marius Riise