- Eg skulle på trening, og var komen til bana då eg såg ørna. Ho dukka ned mot bana, og eg såg ho haddefanga ein måse. Eg trur ho må ha teke måsen i lufta, fortel Sivert tilk Møre-Nytt.

Han nærma seg ørna, og då letta ho. Måsen låg att - i live. - Han var delvis oppeten, og eg slo fuglen i hel, fortel Sivert.

Ei eller fleire ørner vart observerte fleire stader på Sæbø torsdag, har hjorundfjord.no fått melding om. Dei er tydelegvis ute etter måsen.

9050905

Sivert Aarseth med det som er att av måsen etter at ørna tok han. (Foto: Hallvard Bergmann, Møre-Nytt.)