Det er Elling Kvistad og Jostein Kvistad som no har gått saman og danna nytt firma,  Kvistad Liftutleige.  Kvistad Liftutleiga har kjøpt inn ei splitter ny lift.  Vekta på reiskapen er 1400 kg og maksimal arbeidshøgde er heile 12, 4 m.

Liftutleige 002

Det er mange hendlar  på den nye liften, men Jostein Kvistad har lang erfaring i krankøyring frå tidlegare.

I dag har liften til Kvistad Liftutleige fått påklistra firmaet sin logo og det er også gjort eit par endringar på den i lokala til Holen Sand og Grustak - endringar til det betre.  Liften er m.a.o. klar for utleige.  Jostein Kvistad opplyser at dagsprisen for leige er sett til kr. 1000,-.

No er det ikkje eit krav, men Jostein Kvistad, - som er den som skal leige ut liften - vil likevel ta eit liftkurs i neste veke.  Dette fordi han også skal få gitt god informasjon til brukarane.  Elling Kivstad er den i firmaet som har fått ansvaret for rekneskapen.

Liftutleige 012Liftutleige 015

Maskimal arbeidshøgde på liften er heile 12,4 m, men Kvistad trøystar med at det er ufarleg å jobbe i korga sjølv så høgt oppe.

Liftutleige 019Liftutleige 016

Det kan sjå ut som om arbeidshøgda er høgare enn Grøttdalstiden(foto til venstre i bakgrunnen), men det stemmer nok ikkje heilt...

Liftutleige 025

Kvistad Liftutleige har m.a. fått sett på to hjul ekstra framme på liften.  Dette er gjort m.a. for å hindre at den skal lage stygge merker i plenen...

Dei som kjenner litt til Jostein Kvistad, veit at han er ein pertentleg kar.  Likevel lovar han at ein skal få leige liften sjølv om ein skal måle huset sitt blått(Liften er altså raud).  Sjølv Kvistad vil tole at den ser litt brukt ut.  Likevel vonar han at den som leiger liften vil ta godt vare på den.  Slike reiskap er kostbare saker.

Avslutningsvis kan hjorundfjord.no opplyse at det i den seinare tid har vore vanskeleg å få møte Jostein Kvistad for ein demonstrasjon av liften.  Han er ein svært oppteken mann.  Det er ikkje mange dagane sidan han kom att frå ei langhelg i Trømsø.  Han hadde då vore på sin årlege tur til den største dansegallaen i Nord-Noreg.   I morgon er det show og dansegalla med m.a. Christer Sjøgren og hans 13 mann store orkester i Sunnmørshallen i Ålesund.  Om Jostein Kvistad skal dit, spør hjorundfjord.no ikkje om ein gong.