Sæbø skule2

Skisse av grunnflata til den nye gymnastikksalen.

 

Nemnda arbeider utifrå ein gymnastikksal som har mål på ca. 16 gonger 24 meter, og som stettar krava både skulen må ha til eit godt undervisningslokale for kroppsøving, som idrettslaget har til ein god treningsarena, og til det bygda ynskjer som kulturhusfunksjon.

Tore Stokke, som er med i nemnda, har laga ei skisse som no vert grunnlaget for vidare arbeid. I tillegg til ein gymnastikksal som er stor nok, ynskjer nemnda at garderobeforholda skal vere tilfredsstillande med garderober både for gutar og jenter. Ja, til utanbygds lesarar, slik er det ikkje på Sæbø skule i dag. Dessutan er eksisterande gymnastikksal altfor liten, og taket lek.

Vidare vert det skissert ei scene som kan brukast både innandørs og utandørs. Dette er teknisk mogleg, og når ein ynskjer ei utandørs scene, er det m.a, med tanke på Hjørundfjorddagane.

Vidare er det tenkt ei andre høgd over garderobane. Dette vil ikkje fordyre prosjektet i særleg grad. Med ei slik andre høgd, vil det opne for at bibilioteket vert flytta frå kommunehuset ved kaia til skulen. Dette er bra både utifrå biblioteket sin funksjon, og dei mulegheitene det vil opne for å utnytte kommunehuset m.a, i reiselivssamanheng.

Det synest klart at nemnda og bygdefolket sitt ynske om ein stor gymnastikksal er noko meir omfattande enn kommunen sine planar. Difor er det sannsynleg at det må ekstern finansiering til. Dette handlar om i alle fall to millionar kroner. Resten vert dekt med kommunen si eiga finansiering og spelmidlar frå Norsk Tipping. Her vil nemnda arbeide hardt for å finne finansieringskjelder, både i fjorden og hjå bedrifter det vil vere naturleg å vende seg til.

Sæbø skule1

Slik tenkjer nemnda seg den nye gymnastikksalen til Sæbø skule.