Keipen  er ikkje det høgste fjellet i Norangsdalen, snarare tvert om.  Men med sine 1217 m  og si spesielle form, er det likevel eit særmerkt fjell.

Keipen med pil

Den særmerkte Keipen(raud pil) og fjellet som folket i Norangdalen visstnok berre kallar Hornet(blå pil).  Fotografiet er gammalt, men fjella ser sameleis ut i dag sjølv om det vidgjetne steinraset i Norangsdalen gjekk etter at dette biletet vart teke.

Keipen 024Keipen 034

Her ser vi toppartiet av Keipen i dag.  Underteikna til venstre, Paul S. Skylstad til høgre. Som vi ser har toppen kraftig overheng.

Men Keipen er på ingen måte ein vanskeleg topp å gå opp på.  Det som kan vere skummelt, er dei mange sprekkene i toppområdet.  Ved ei av desse sprekkene, er det også eit måleapparat.  Ja, ja, ikkje eit slikt avansert til mange millionar som dei brukar ved Åkernesremna, men likevel... Apparatet, dvs. to armeringsjarn som det vart saga hakk i ein gong på 60 - eller 70 talet, syner i alle høve at ei av sprekkene veks.

Keipen 036Keipen 039

Vi ser tydeleg på foto til venstre at denne sprekka har blitt breiare sidan 60 - eller 70 talet då dette "måleapparatet" vart sett opp.  Til høgre sit Paul og er i ferd med å sleppe ein liten stein ned i den aktuelle sprekka.

Då Paul slapp ein stein ned i ei av dei breiaste sprekkene, høyrde vi kor steinen forsvann nedover i fjellet.  Etter ei stund kom steinen ut i ei sprekk i fjellveggen.

Det var tydleg at Paul ikkje likte å vere for lenge oppe på Keipen.  Maten måtte vi også ete på fjellet ved siden av - på Hornet.  Men så var då også frå dette fjellmassivet raset i 1908 gjekk - raset som demmde opp elva i Norangsdalen slik at vi fekk Lygnstøylvatnet.  Det var også frå dette området eit ras gjekk for 4 - 5 år sidan - eit ras som gjekk over riksvegen nede i dalen og som gjorde at vegen vart stengd i fleire dagar.  Så Paul hadde vel grunn til å føle ei viss uro.

Keipen 020Lygnstøylvatnet

På foto til venstre ser vi rett ned i Norangsdalen frå Hornet.  Vi ser også det oppdemmde Lygnstøylvatnet.  På foto til venste ser vi setra slik ho såg ut før ho vart liggande under vatn.(Foto: Knutsen frå 1880 åra)

Ikkje langt frå toppen av Keipen, er det også eit vatn.  Dette vatnet har - i fylgje Paul - ikkje utløp, berre eit lite overløp.  Vatnet har ikkje utløp fordi det er hol i botnen på vatnet.  Vatnet renn difor ned gjennom fjellet og kjem ut ein plass i Skylstadområdet som oppkome.

Keipen 038Keipen 041

Over tek Paul seg ein dukket i vatnet ved toppen av Keipen. Til høgre ser vi igjen Keipen  - med overheng. I bakgrunnen Slogen.

Alt i alt er det vel mykje som tyder på at meir av Keipen vil rase ut, men kor mykje? Når?  Ja, sei det.  Keipen er i alle høve ein flott topp i eit svært trollsk område.  Eg trur eg vil tilrå turen trass i dei mange sprekkene i toppområdet.  Men kvifor er det så få folk frå Norangdalen som brukar å gå på denne toppen? 

Til slutt må vi ta med eit par naturfoto i det fine haustvêret sist søndag.

Keipen 004

Fargane kan vere vakre no tidleg om hausten.  Og fjellet i bakgrunnen er?

Keipen 014Keipen 023

Fjellet med breen på, er Risenosa.  På foto til høgre kjenner vi vel oss igjen?