Bellingen 001

Frå venstre:  Trygve Holen, Karl Holen. Ole Johan Riise(for ung), Magnar Aklestad. Anders Holen, Edvard Valseth, Jakob Hustad(alt for ung) og Mattis Mathiesen (gjest).

Kvar fredag treff du fleire herremenn i sin beste alder på kafe Bellingen på Sæbø.  Der vert det servert kaffi og blautkaka - og mindre og større problem vert løyst.

I dag var oppmøtet ikkje det beste.  M.a. konstaterte Magnar at Ole Standal hadde svikta, men han la straks til at Ole nok hadde ein lovleg grunn til fråveret.  Standal-Ole brukar ikkje å vere fråverande utan grunn.  Elles var Anders Holen litt seint ute(ikkje uvanleg), men i dag hadde han gyldig grunn - plenen måtte klippast ferdig før helga sette inn.

Og kven kan møte?  Ja, sei det.  hjørundfjord.no  sin utsende er i alle høve med sine 47 år alt for ung.  Nei, det hjelper nok på om du i alle høve nærmar deg pensjonistalderen.