Under dagens kåringssjå i Ørsta, var det berre omtrent halvparten av lamma som vart stilte, som vart kåra.  Og berre to av dei kåra lamma fekk sløyfe.  Dei to lamma tilhøyrer Åse og Per Arne Saure, Bjørke og Odd Bjarne Bjørdal, Sæbø.

Kåringssjå 014

Her held Trude Saure(t.v.) rundt lammet som fekk kvit rosett under kåringssjået i Ørsta.  Mor Åse (Saure) til høgre.

Av dei to lamma som fekk sløyfe, vart det altså lammet til Åse og Per Arne Saure som var best  og fekk kvit rosett.

Likevel var det lammet til Odd Bjarne Bjørdal som oppnådde høgst poengsum av alle lamma som vart kåra.  Sløyfe får dei lamma som har besst kropp, men dei er nødvendigvis ikkje dei beste etter ei totalvurdering.  For å få ein høg poengsum, må lamma også ha svært gode foreldre.  Det hadde lammet til Bjørdal.

Kåringssjå 005Kåringssjå 003

På foto til venstre ser vi saueeigar Lasse(Lars Johan Sæbønes), som fekk fleire lam kåra. I midten står Askjell Hustad og til høgre ser vi Ola Sæbønes. Dei to var ivrige tilskodarar.  På foto til høgre ser vi Ola Sæbønes saman med storeveren "Nesjegut".

Risbitar - 1 år gamle verar - og storeverar, vart også mønstra under kåringssjået.  Lars Johan Sæbønes stilte med den to år gamle veren "Nesjegut".  Han vart vurdert av dommar Atle Arnesen.  Arnesen var ikkje 100 % nøgd med "Nesjegut", men grovt sett kan ein seie at han gav veren 8 poeng(av 10 moglege) for framparten og 7,5 poeng for bakparten.  Veren hadde også gode bein.

Om "Nesjegut" kan halde fram med å vere far til nye kåraverar, vert endeleg avgjort seinare.  Først må nemleg mange nok avkom etter "Nesjegut" verte slakta.  Eg slakta av god nok kvalitet, får også storeveren på Sæbøneset halde fram med å føre gena sine vidare.

Kåringssjå 022

Her er dei eitt av lamma til Helge Urke(med blå caps i bakgrunnen) som vert vurdert.  Atle Bakken(framme til venstre) har ein del av sine sauer på sommarbeite på Trandal.  I dag var Bakken også dommar.

Det var som nemnt etter måten få lam som vart kåra under sjået.  Hovudgrunnen til det var at mange lammeverar hadde lite hår på hovudet.  Dette kan føre til at lamma vert  solbrent og dermed vert faren for å få sår i hovudet større.  Sår i hovudet kan føre til flugeåtak.  Difor gjekk lam med lite hår på hovudet ut.  Ei anna årsak til fråfall av lam, var at fleire hadde faste nygler(liknar på horn).  Slike lam vil ikkje dommarane ha.

Kåringssjå 016Trandal 011

Per Arne Saure, medeigar av lammet som fekk kvit rosett, sat også i sekreteriatet saman med Børil Skåra.  Til høgre ser vi Odd Bjarne Bjørdal(arkivfoto) som fekk 1. premie.  Han hadde den beste lammeveren på kåringssjået i Ørsta.

Dei som stilte lam frå Hjørundfjord på kåringssjået, var Helge S. Skylstad, Helge Urke, Lars Johan Sæbønes, Odd Bjarne Bjørdal og Åse Randi Saure.