Indian summer 001

Bernt Arve Hustad nytta fineveret til å slå grasbana.

 

No er det eigentleg ikkje uvanleg med finever i september. Det som er litt uvanleg, er varmen. Nokon offisiell statistikk kan ikkje hjorundfjord.no vise til, men frå private hagetermometer har vi fått rapportar om 22 grader.

Omgrepet Indian summer vert altså nytta om fenomentet i USA. Det vil seie at sommaren kjem tilbake igjen når det eigentleg skulle ha vore haust. Vi utfordrar lesarane til å kome med eit lokalt omgrep for dette fenomentet. Eksisterer det noko slikt?

I alle fall er bondalingane litt i villreie. Hagemøblane skukle ha vore rydda vekk no, men er ute framleis. Skal ein slå plenen likevel,og kva tenkjer bøndene: Skal dei ta ein tredjeslått?

Nokre nytta fineveret til å sikre seg eit solbad, kanskje det siste i år? På Sæbø stadion var det sommarlege aktivitetar fredag ettermiddag. Fire ungdommar sola seg på publikumssida, og Bernt Arve Hustad var som vanleg på dugnad for idrettslaget med å slå bana. Han håper det er siste gongen i år, men held varmen fram, vil kanskje graset gro likevel.

Indian summer 004

Kjetil Urkegjerde (t.v.), Yngve Frøland, Lars Urke og Tommy Riise Olsen slikka litt sl før fotballtreninga på den varme septemberkvelden.