DSCN1611

Ollen og Hilde Muren vr dei to først som kom på det uformelle møtet på Sagafjord.

 

Det er framleis plass til mange fleire på det uformelle møtet. Hugs, at er det noko du vil ta opp med Hjørundfjordportalen, er Sagafjord den rette staden.

 

Kl.21.51:

DSCN1619

Torbjørn Slettedal har akkurat vunne den siste hjorundfjord.no-t-skjorta.

 

No har Rune Sæbønes informert om Hjørundfjordportalen og Hjørundfjorden bygdemobilisering. Den siste hjorundfjord.no-skjorta er også utlodda, og vinnar vart Torbjørn Slettedal.

 

Kva meiner folk om portalen?

 

 

Alexander Riise Olsen (20):

 

DSCN1614

Alexander Riise Olsen

- Eg synest portalen er bra, og er inne og ser på kvar dag. No bur eg i Volda, men får ikkje lov å låne datamaskin med romkameratane Terje Holen og Vegard Tvergrov. Difor er det kjekt, som alltid, å vere heime på Sæbø, der eg også ofte kan lese på hjorundfjord.no. Eg likar spesielt godt fotballreferata. Eg viste portalen i barnehagen, og der diskuterte vi draktfargane til Sæbø IL.

 

Nils Taklo (60+):

 

 DSCN1604

Nils Taklo. Her frå gjennomslaget i Helgehorntunelen.

 

- Eg synest Hjørundfjordfjorportalen er ei heilt naturleg utvikling i og med at folket i Hjørundfjorden ligg langt framme i bruken av internett. Dette må verte noko som fell for unge og gamle. Tussa må byggje ut breidband vidare, for då er dette som i leve i den sjuande himmel.