Etter skulen går alle gjerne kvar til sitt. Som oftast blir det mykje tv-titting rett etter skule og før vi byrjar med leksene. Ein treng eit lite avbrot etter ein lang skuledag. Seinare på ettermiddagen, eller det som dei vaksne gjerne kallar kvelden, gjeng vi ut for å møtast. Og som regel er det ballbingen som blir møtestaden, der vi spelar ballspel eller berre sit og pratar.

Fritid

I ballbingen er det mest fotball som blir spela. Dette er nok fordi det ikkje er så gode tilhøve for handball, og fordi vi ikkje er så mange som spelar  på Sæbø.

Når det gjeld fotball har vi mange lag, og nesten alle som vil, har eit lag dei kan spele på. Sjølv om det er litt aldersforskjell, har lagea godt samspel og er flinke utøvarar. Dei faste treningane er på gras eller grusbana, men det er også moglegheit for å trene på eiga hand i ja, nettopp, i ballbingen.

Om sommaren er det ikkje noko som vekker så stor interesse som bading. Anten er dei som vil symje og ha det kjekt på den flotte badestranda, eller dei er på kaia og hoppar frå ”lemmen”. Skal jentene sole seg, er det mest eigna på badestranda, men det går ikkje lenge før vatnet må testast og alle er uti. Det er som oftast dei litt yngre som er på badestranda og badar, og dei som er eldre held til på lemmen. Det går også an å hoppe frå ferjelemmen når ferja ikkje ligg til kai. Før var det mest gutane som var på lemmen for å hoppe, men no er det like mange jenter som gutar!

Vi har ei kjempefin elv som det er mykje lakseaktivitet i. Nokre av gutane er der for å fiske saman med tyskarane som tilbringer sommaren sin her for fiskinga si skuld. Det er mest om kveldane det er fisk å få, og i elva er det i ei spesiell periode der det er lov å fiske. Men det stoppar ingen frå å fiske. Viss dei ikkje kan fiske i elva, tek dei turen ut på Hjørundfjorden. Der er det mange ulike fiskesortar å få til glede for både stor og liten. I sommar har nokre ungdommar vore ute og fiska ved Lekneset. Der har dei hatt tre båtar som dei har knytt fast til kvarandre, og hatt det kjekt saman. Dei har hatt musikk og fiskestenger, i grunnen ein god kombinasjon som gav god fangst.

For dei som er over 16 år gamle, er det også mogleg å spele Paint ball på Sæbø. Det er rydda til eit område i skogen ved Rise. Det er laga til slik at det skal vere litt vanskeleg å sjå dei som spelar, og difor er der mange gøymeplassar. Når dei skal spele, må dei inn på Bellingen for å hente nøkkelen til rommet der utstyret ligg.

Sjølv om et er ein god del å bruke tida si på, er det fleire av oss unge som gjerne skulle ha ein stad der ungdommen kunne vere. Om vinteren er det ikkje så mange som er ute om kvelden, fordi det er for kaldt, for mørkt eller for dårleg ver. Då hadde det vore kjekt å hatt ein stad der ein kunne vere inne saman med andre i staden for å vere ute å fryse. Det treng ikkje vere så stort og flott, det held lenge berre med ein plass å vere. Det har kome fleire framlegg til kvar denne staden kunne vere. Nokre har foreslått den gamle sjukeheimen, andre har nemnt klubbhuset, etasjen over biblioteket har og vore diskutert -medan nokre har ein idé om å bruke eitt av nausta.

Viss du skal handle, på kino, leige film, på Kaihuset eller spele handball, må du gjerne til Ørsta. Dette er noko som er ganske dumt og ikkje minst upraktisk sidan det er ein halvtimes køyring frå Sæbø. Ungdomen på Sæbø ynskjar seg difor ein stad der berre ungdomane har tilgang, noko liknande Kaihuset i Ørsta sentrum.

Det hadde òg vore kjekt med ei tennisbane og ei skikkelig basketballbane. Fleire av oss likar som sagt å vere i aktivitet, og med tennis og basket hadde vi hatt fleire moglegheiter og alternativ enn slik stoda er i dag. Eit volleyball-lag kunne og vore aktuelt. Og kanskje kunne ein drøyme om ein symjehall også?

Vi har med andre ord ikkje så veldig variert aktivitetstilbod her på Sæbø, sjølv om vi har fin natur og ulike ballaktivitetar. Hadde vi hatt moglegheita, hadde vi sikkert gjort mykje meir og forskjellig enn det vi gjer i dag. Ein større gymnastikksal er det i alle fall  stort behov for i bygda. Dette ville gjere at vi kunne prøve fleire aktivitetar enn i dag. Dei gamle spøkar med å seie at det vert ikkje før ungane våre har blitt store, men eg som er ung no, håpar på å få både ein stad å vere og ein gymsal  snarast mogleg.

Tekst/foto: Sara Konstanse