No har plommesesongen starta.  Aldri har plommene vore betre. Og det velkjende ordtaket - 20 plommer om dagen, er god kur for magen - bør føljast.

70-årsdag 044

Asbjørn (Moe) i ferd med å bestikke dyrlege Arve Kiperberg(t.v.) med plommer.

Ein bonde må av og til ha hjelp av ein god nabo, og når naboen - i dette tilfellet Asbjørn Moe - også tek med ein pose med eigenproduserte plommer, ja, då vert det i alle høve liv i magen...

Det syner seg raskt at begge karane på biletet over, er fruktekspertar.  Dyrlege Arve Kiperberg og nabo Asbjørn er begge samde i at det t.d. er viktig å sprøyte plommetrea med koparkalk om våren dersom  avlinga skal  bli god og av høg kvalitet.  Jau, underteikna har også plommetre, men må nok også vedgå at naboen sine tre har blitt flittig besøkt gjennom åra.  Eg ser ikkje bort ifrå at Asbjørn veit om det.  Kanskje er det derfor han kjem med plommepose?

I Hjørundfjorden er det mykje kalving for tida, og denne dagen måtte underteikna ha besøk av dyrlegen.  Sluttresultatet etter besøket vart bra, men om Asbjørn sitt framstøyt med eigenproduserte plommer gjorde at dyrlegerekninga vart redusert

, skal vere usagt...

Kalv og ku 001

I desse dagar vert mange kalvar fødde i Hjørundfjorden.

70-årsdag 045

Arve Kiperberg er ikkje berre dyrlege, han er også hage- og fruktekspert.

Men ein ting er sikkert:  Startar ein arbeidsdagen med nokre plommer innabords, vert arbeidslysta større.