Eg som har flytta inn i ein ”sjømannsfamilie” har etterkvart gjort meg nokre gode erfaringar med fjordlivet i Sæbøvågen. Det er utan tvil ei perle. Iallfall når sjøen ligg blikkstille og glitrar i sola. Tenkt å ha ein færing ein kan setje på sjøen og boltre seg med. Anten ein romantisk kveldstur for to utover mot Sæbøneset eller ein meir munter tur med yngre krefter til rors. Sist helg hadde eg besøk av Ingvild 9 år frå Ørsta – ho ville fiske, og færingen vart sjøsatt. I løpet av nokre få timar lærte ho å ause båt. Først tom for vatn, så full med vatn og så tom for vatn igjen. Kjempemoro. Deretter lærte ho seg så smått å ro, mest spanande var det å handtere bølgene frå dei andre båtane. Vi fant ut at dei gjer mest ut av seg når dei kjem frå sida.

Ingvild ror båt i3

Fiske frå robåt kan vere ein fredeleg affære, helt til det bit. Vi langa inn ein makrell og ein nodd. Den sistnemde vart berga av Ingvild som kasta seg over ripa, greip tak rundt fisken med begge hendene og lempa den inn over ripa: no e du død!

Torsk 1,5 kg

I dag var eg og Silje (11år) med farfar Johan og sjekka hummerteiner. Silje fekk styre båt og lempe teiner. Ut på fjorden fekk vi og besøk av ein Admiral-sommarfugl som flagra fram og tilbake rundt oss. Vi prøvde å plukke opp nokre knep til seinare dagar, om åte og koss hummer- og krabbeteiner skal setjast. Men det er vår lille hemmeligheit som vi ikkje deler med andre – enno. Om vi fekk noko? Jada, nok mat til fleire. Dei er no kokt og står til avkjøling. Først etter å ha blitt sjekka ut som uinteressante av huset sine kattar.  silje til rorsJohan R.

Jo, fjordlivet gjer god. Og har ein ikkje tilgang til kan sjølivet nytast frå land med, td ein spasertur langs fjøra, leite etter skjell og skattar og snuse godt inn den salte ramme fjørelukta………

Blir dette for kjedeleg? Gjer som dei unge og kast deg ut frå lemmen, gjerne 5 meter rett ned når her er god fjøre:

Frå lemmen