Åmdal siglar dermed opp som den store opprykksfavoritten. Men alt håp er ikkje ute for Sæbø. Laget ligg best an til kvalifiseringsplassen for opprykk til femte divisjon.

Åmdal opna i eit stort tempo, og tok Sæbø-spelarane litt på senga. Men då Sæbø-spelarane såg ut til å kome inn i kampen, m.a. med eit tverrliggjarskot frå Lars Urke, tok Åmdal leiinga. Det skjedde etter tolv minutt. Laget fekk hjørnespark, og Robert Kolås var sistemann på ballen i ei mølje.

Åmdal styrte det meste i resten av omgangen, men Sæbø kom litt på slutten.

Andre omgang opna med eit Sæbø-trykk, og to minutt ut i omgangen kom utlikninga. Marius Riise la eit frispark inn i feltet, og ein Åmdal-forsvarar missa i klareringa. Då kom Terje Holen i stor fart, og sette ballen i mål.

Like etterpå burde Sæbø ha auka til 2-1 då Marius Riise stod for ope mål på litt skrått hald. Men Marius roa ikkje nok ned, og sleiva ballen utanfor. 

Tolv minutt ut i omgangen tok Åmdal leiinga. Robert Kolås skaut uventa frå tretti meters hald, og ballen gjekk i ei boge over Martin Liaskar i Sæbø-målet og i mål.

Utover omgangen var det stillingskrig mellom laga. Det var tett og få sjansar. Sæbø byrja på ein sluttspurt då det stod att eit kvarter, og det gav Åmdal opningar. Arnt Egil Brautaset gav Åmdal 3-1 då han fekk stå åleine framfor mål ti minutt før slutt.

Sæbø prøvde å trykke, men greidde ikkje å skape sjansar på anna enn dødballar. I det 44.minuttet vart det 2-3. BAllen var vel eigentleg i mål etter eit hjørnespark, men det vart dømt for hands på streken, og Sæbø fekk straffespark. Det sette Espen Frøland i mål.

Sæbø gjekk for ei utlikning på dei tre minutta som var lagt til, men spelarane vart for opjaga, og det vart ikkje skapt store sjansar. Dermed vart det for andre gong Åmdal-siger i lokalopgjeret,

  

6. div. Avdeling 2

LagSVunnetUavgjortTaptMålPoeng
1.Åmdal1283135 - 1527
2.Sæbø1381441 - 2125
3.Bergsøy 21373342 - 2424
4.Åheim/ÅVK 21272342 - 3023
5.Tjørvåg1372435 - 2423
6.Flø1341820 - 3913
7.Moldtustranda1223714 - 299
8.Gjerdsvika1423919 - 469
9.Kvamsøy1222821 - 408