Hjernene bak portalen er to karar frå Trandal som begynte å arbeide for Hjørundfjord kulturvernlag si heimeside for vel eit par år sidan. Etter at heimesida vart ferdig så kom ideen om ein Hjørundfjordportal som skulle være ein kommunikasjonskanal for heile Hjørundfjorden. Ei arbeidsgruppe vart nedsett av kulturvernlaget og sogelaget og domenenamnet hjorundfjord.no og hjørundfjord.no var kjøpt. Sogelaget og kulturvernlaget er det som formelt eig nettet og portalen i dag, men etter at bygdemobliseringa starta så vart ei arbeidsgruppe danna som no driv portalen.

 

09_h
Håkon Aleksander (18) og Tor Eirik Trandal(25)  

Håkon og Tor Eirik er frå Inngarden på Trandal i Hjørundfjorden og er svært glad i heimbygda si og brukar mykje av fritida si på dugnad til hjorundfjord.no.Dette for å skape trivsel og bulyst i Hjørundfjorden. Bygdeutviklinga ser det som ei viktig satsing at folk kan kommunisere på internett og vi har tru på at portalen skal verte svært viktig i framtida

Håkon er den som gjer det som ikkje viser, han er programmeraren og er eksperten på javacript og PHP-koding. Han er for tida student og har gått første året på grunnskurs elektro i Ørsta, så gjekk han eit år på IKT i Ålesund og er for tida student på almennfagleg påbygging. Målet er å verte dataingeniør og verte proff innan programmering. 

Tor Eirik er utdanna industrimekanikar. Han gjekk grunnkurs mekaniske fag i Ørsta og eit år VK1 i Fosnavåg skipsbygging, før han tok fagbrev ved Rolls-Royce i Ulsteinvik.Han har vore student ei tid for å vidareutdanna seg med allmennfagleg påbygging. Han er samboar med Ingvil og den store interessa er nok data. Han er den som utformar portalen og lager det folk ser og "veslebroren" koblar og koder det saman.

Desse to karane er hjorundfjord.no sine viktigaste medarbeidarar og alt er i grunnen avhengi av at dei er på plass. 

Mykje er på gong i utviklinga av portalen og vi håper at ein del av dette kan presenterast i den nærmaste framtida.

Men skal portalen leve og utvikle seg er vi avhengi av at folket tek del i arbeidet med bileter, skriving av stoff og kommentarar, dette arbeidet kan ikkje ligge på berre nokre få personar, då går arbeidet i stå tilslutt.

 

Ivar Svein Mo