Jau, John Solhaug, kan dette med å skrive interessant om fjellturar.  Så interessant skreiv han i Møre Nytt sist torsdag om ein planlagt tur til Risenosa - eit 1554 m høgt fjell mellom Norangdalen og Viddal - at hjorundfjord.no v/underteikna bestemte seg for å vere med.  Men John; å ta ei ferje frå Sæbø på ein søndag klokka 0850, er alt for tidleg.  Det gjekk som det måtte gå – underteikna rakk knapt ferja klokka 1030.

Risenosa 008

Her ser vi Norangdalen og Norangsfjordenn frå Okseråsa opp i Ulvedalen.  Urke i bakgrunnen.

 

No gløymde underteikna både kaffi, sjokolade og langbukse i den parkerte bilen på Skylstad, men takka vere mykje blåbær, gjekk turen opp Okseråsa svært så fint.  Dei er flinke i Norangdalen til å rydde ræser.

 

Eg rakk att gjengen oppe i dalen Ulvedalen, men ikkje alle.  Dei sprekaste – Margreta og Sigve Aklestad, Elias Øye m/familie og eit par andre, var allereie komne til topps på Keipen. John samla resten av troppene på vegne av trimgruppa i Ørsta IL,  ved eit vatn. Ruta vidare opp til Risenosa var bestemt, men så var det eit par ulydige herremenn frå Volda…  Dei to hadde gått i forvegen og no frykta John at stein ville rasa om dei andre kom etter.  Han bestemte at ein omveg måtte takast.  hjorundfjord.no gøymde seg bak ein stein til John med fylgje var gått.  Deretter gjekk eg etter dei to frå Volda.   Nei, Det er slett ikkje lett å vere turleiar...

Risenosa 010

Dei to "ulydige" herremenn - Olai Egset, bak, og Sigbjørn Hessen i fint driv opp ein liten bre.

 

Men no var det så pass mykje våt mose der underteikna gjekk at John heilt sikkert gjorde rett i å gå der han og fylgjet til slutt gjekk.

 

Dei to, ok – tre,  ulydige herremenn, var Sigbjørn Hessen og Ola Egset frå Volda, i tillegg til underteikna.  No er det også slik at hjorundfjord.no sitt motto er:  Der det skjer, når det skjer.  hjorundfjord.no måtte altså vere fyrst på Risenosa.  Men kva skjer?

 

Velkomen til topps høyrer eg, i det eg set inn sluttspurten.  Der står han: Helge Rørstad.  Han hadde gått opp frå motsett side av Risenosa. Men trøysta var at Helge er Hjørundfjording/Skjåstaddaling så god som nokon sjølv om han bur i Ørsta.  Gift med ei hyggeleg Bondalstaus er han også.  

Risenosa 018 

Helge Rørstad - eller er det James Bond? - v/toppen av Risenosa.  Og det spisse fjellet i bakgrunnen er?  Vi ynskjer ein kommentar.

 

hjorundfjord.no må også få lov til å takke for god vegvising og rettleiing.  Underteikna var nemleg ikkje sikker på vegen ned i Konedalen.

Risenosa 020

Sigbjørn Hessen, tidlegare teknisk sjef både i Ørsta og Volda, tek dei siste meterane til topps.

 

Jau, dagen vart fin den, sjølv om det kom ei tradisjonell ettermiddagsbyge.

 Risenosa 026

Skjeggete og sliten... hjorundfjord.no sin utsende på veg ned mot Konedalen.  I bakgrunnen ser ein Kvitegga.  P.s.:  Like etter skein sola igjen.

Og kva med turen?  For min del heilt fin, men no var underteikna ikkje ein del av turfylgjet, men var ikkje den planlagde turen i lengste laget for nokre?  No nemnde John visstnok for gruppa at turen kunne ta ca. 11 timar, men burde ikkje det også ha stått i avisa på førehand?

Risenosa 028

Nærast ser vi litt av Leira.  Vi ser også Kalneset og Sætre.  Lengst i bakgrunnen Raustadvatnet.  Stemmer?