Sæbø-tjørvåg2

Sæbø-jubel over tre poeng. F.v.: Terje Holen, Mats Riise og Marius Riise.

 

Sæbø hadde det spelemessige overtaket mest heile kampen, men i første omgang vart det noko upresist i siste fase mot Tjhørvåg sitt mål. I staden for å rulle opp langs flankane, vart ballen for raskt slått opp mot bakromma, utan at der var spelarar.

Tjørvåg tok leiinga eit kvarter ut i kampen, og målet kom mest ut i frå ingenting. Ein Tjørvåg-spelar kom med eitt åleine mot Martin Liaskar i Sæbø-målet, og han var sjanselaus på skotet.

Sæbø-spelarane let seg ikkje stresse, og heldt fram med å dominere i banespelet. Etter kvart vart spelarane også meir presise i angrepsspelet, og etter tretti minutt kom utlikninga. Marius Riise kom laus på hjørnet av sekstenmeteren, og la inn til Terje Holen som nikka ballen i krysset.

Fleire mål vart det ikkje før pause, og Sæbø opna andre omgang forrykande. Laget gjekk rett frå avspark og i angrep. Yngve Frøland, som er heime på permisjon frå militærteneste i Varanger, kom seg laus på høgrekanten. Han la ut i feltet til Terje Holen, som frå elleve meter skaut over.

Utover i omgangen dominerte Sæbø kampen stort, og Tjørvåg-spelarane vart meir og meir slitne.

Etter 71 minutt vart det 2-1. Marius Riise slo eit frispark mot første stolpe, og der dukka bror Mats Riise opp og nikka ballen i mål.

Etter dette prøvde Tjørvåg å kome høgare på bana, men det gav berre meir rom for Sæbø-kontringar. Fem minutt før slutt vart kampen avgjort då Terje Stokke kom seg laus på venstresida, og la fint inn framfor mål der Marius Riise putta ballen i mål frå kort hald.

Sæbø kontrollerte kampen ut, og tok ein fortent trepoengar. Heile Sæbø-laget var solid, og spesielt det defensive spelet var upåklageleg.

Neste kamp for Sæbø er mot Gjerdsvika på Sæbø stadion komande måndag. Sjå aktivitetskalenderen.

 

6. div. Avdeling 2

LagSVunnetUavgjortTaptMålPoeng
1.Åmdal1072128 - 1023
2.Sæbø1071229 - 1322
3.Bergsøy 21062232 - 2120
4.Åheim/ÅVK 21061332 - 2619
5.Tjørvåg1052329 - 2117
6.Moldtustranda1022612 - 258
7.Gjerdsvika1122717 - 358
8.Flø1021714 - 307
9.Kvamsøy911716 - 284