DSCN1594

Sæbø G-13. Framme f.v. Tommy Midtflå, Else Marie Stokke, Jonas Åmbakk Jelti, Emilie Cathrin Skår Bak f.v. Jon Martin Mo, Martin Luan Handlykken, Bjørnar Holen, Gaute Myhre Holen, Karl-Erik Sæbønes, Peder Hauge Moe.

Resultatet mot Hødd vart ikkje så altfor godt. Hødd vann 21-1, men Sæbø-spelarane meinte dei hadde mykje å lære etter kampen.

Det er heller ikkje kvar gong Sæbø taper. I førre kamp vart det siger. Då  vann gutane og jentene på laget 11-4 mot Moltustranda.

Laget har spelt veldig varierande..., det har også dei laga dei har møtt.

Dei har også vore på Grodåscup, der dei hadde det kjekt.

Neste kamp er 4.9. mot Folkestad.