Moltustranda

Dei nye Sæbø-draktene, representert ved Marius Riise, Terje Holen og Lars Urke. Noko å gå vidare med?

 

 

I 2008 feirar Sæbø IL 75 år, og kanskje kan vi byrje å førebu jubileet allereie no. Ein måte å gjere det på, er å vere litt retro, som det heiter på moderne hipt Oslo-språk. Det vil seie at vi går litt tilbake i historia, og ser om det er noko vi kan hente fram att og bruke. Det første eg tenkjer på då, er draktene.

Då treng vi hjelp. Eg har høyrt at laget før krigen spelte i lyseblå overdelar og svarte bukser. Er det nokon som kan stadfeste eller avkrefte dette?

Sjølv meiner eg det er å gå for langt tilbake, då det er få folk som har referansar til denne tida.

Då er eg meir med på å gå tilbake til tida frå krigen og fram til 1973 (?). Då hadde Sæbø vertikalstripa (loddrette striper) med fargane raudt og gult. Buksene var raude, men strømpefargen hugsar eg ikkje.

Frå 1973 (?) gjekk laget over til raude overdelar og kvite bukser. Strømpene var raude. På overdelen var det ei kvit loddrett stripe framme på sida.

Grunnen til at laget gjekk over til raudt og kvitt var at det var uråd å finne leverendørar som leverte gule og raude vertikale striper (kanskje var det det Valencia i Spania også opplevde. Dei gjekk frå dei same draktene som Sæbø hadde til kvite overdelar og svarte bukser).

Sæbø hadde frå 73/74 raude drakter med ei kvit stripe i ca. ti år, og då var det uråd å finne leverandørar på slike drakter også. Då vart det ei stund raude overdelar og kvite bukser, før også buksene på nittitalet vart raude. Grunnen til det var protestar frå mødrene (og kanksje fedrane?) som vaska drakter i aldersbestemt. Grønsken på kvite shortsar var vanskeleg å få vekk, og vi måtte ha farga bukser. Då vart det heilraudt, og det har heile klubben hatt fram til i dag både i handball og fotball.

I samband med at A-laget sine drakter i år var fem år gamle, og at nummera var i ferd med å forsvinne og nye drakter var naudsynte, kom ideen om å gå litt tilbake i tid. Alexander Riise Olsen og Kenneth Nydahl kom på ideen, og A-laget kjøpte vertikalstripa raude og kvite overdelar og raude bukser. Då var vi litt like sekstitals- og syttitalslaget.

Det verkar som om publikum likar draktene, og fleire seier at det er slik det skal vere, for det er Sæbø IL si historie. Raude og kvite vertikalstripa er heller ikkje vanskeleg å få tak i hos leverandørar.

Draktene fortel at slik var det frå krigen og til syttitalet når det gjeld form, og at det raude og kvite har dominert dei siste tretti åra.

Kva meiner hjørundfjordingane: Når vi no dei komande åra skal fornye draktene til dei alderfastlagde laga, skal vi gå over til raude og kviter vertikaldelte striper, eller skal vi gå tilbake til heilraudt?

Eit anna spørsmål er reservedrakter. No har vi kvite, og det går ikkje så lenge det er så mykje kvitt i dei nye draktene. Skal vi til dømes ha lilla, eller grønt, eller svart, kanskje rosa, eller gult? Eg foreslår gult eller lyseblått (viss det var det som var draktene før krigen). Då er vi på line med historia.