Norwaycp 06 048

Sæbø-jentene var slitne etter kampen mot Bangsund. Assistenttrenar Terje Holen er uansett nøgd med jentene.

 

 

Sæbø-jentene har i dei innleiande kampane dermed ein siger, ein uavgjort og eit tap. Laget hadde like mange poeng som Åram/Vankam, som kom til A-sluttspelet. Det var målskilnaden som avgjorde.

Jentene har hatt det flott i Oslo så langt. Veret har ikkje alltid vore like fint som heime, men det gjer ingenting.

B-sluttspelet er reint cupspel. Det vil seie at det er vinn eller forsvinn. Den første kampen går onsdag.