Sæbø - tjørvåg

Marius Riise, Sverre Børge Hjorthaug og Tommy Riise Olsen håper på Sæbø-jubel i Sæbø-cupen. 

Dei deltakande laga er Ørsta, Vartdal, Hovdebygda, Åmdal og Sæbø. Dette er fjerde gongen på rad Sæbø-cupen er ei rein kommuneturnering. Turneringa vert avvikla som enkelt seriespel med kampar på to gonger tjue minutt, og med finale mellom dei to beste laga.

Det er ei strøken Sæbø-grasbane som ventar spelarane. Bana er i perfekt stand, og med godveret som er meldt, vil ho halde fint under heile turneringa.

Første kamp er mellom Hovdebygda og Ørsta fredag kl. 18.00. Fredag vert det spelt tre kampar. Laurdag startar turneringa kl. 15.00, og då er det Ørsta som møter Åmdal. Søndag startar kampane kl. 14.00, og det er Sæbø mot Vartdal som er første kamp. Finalen går kl. 17.00.

Dommarar i årets turnering er Jan Erik Bratteberg, Oddmund Kaldhussæter, Emil Riise og Kjell Johan Aarseth.

Komplett kampoppsett ligg inne på Aktivitetskalenderen.