Laurdag 5 august tok vi laust på ein overnattingstur til Russadalen. Vi som tok turen i lag var: Einar Arve Nordang, Arthur Åsen Nordang, Tore Nordang, Bent Ole Stennes og Sander Stennes. Vi var litt usikre på om råsa fra Lygnstøylvatnet var råd å finne att, så vi valgte å ta vegen opp i frå Stavbergvatnet.

Tore på veg opp ura fra Stavberg

Vi gjekk roleg oppover, Arthur gjekk på sin første fjelltur og vi ville ikkje øydelegge motivasjonen til seinare turar

Blåbær rast

Når ein går opp i frå Stavbergvatnet er her inga rås. Grunna mykje fonnskog så valde vi å gå i steinurdene oppover. 

Russadalen ligg under toppen av Skruven,

Skruven

og er vel knappast ein dal. Det er eigentleg meir som ei fjellhylle under toppen av skruven. Idyllisk er her. Eit fint lite vatn ligg der, og ein av hovedhensiktene med turen var å freiste dei flotte ørretane der.

Tore kom fram til vatnet litt før meg og Arthur, og hadde allereie fått 4 fine ørretar til vi kom fram

Tore sin første fangst

Sjå gliset på nå då

Etter dette så tok betet slutt. Vi fiska samstundes med at vi sette opp telt, Tore laga hjortegryte og vi hadde det heilt suverent, men ørreten ville ikkje bite meir. Vi karane sette oss fram på kanten for å sjå ned i bygda ut på kvelden. Eg tok turen tilbake for å sjå etter gutane i elleve tida på kvelden. Stanga låg att med teltet og eg slengte ut i for å sjå. Då beit dei. På tre kast fekk eg tre ørretar. Eg ga beskjed til Tore at dei beit igjen og forflytta meg til innløpet på vatnet. Her fekk eg seks ørretar til på berre ein halv time

Kveldens fangst

Eg hadde ikkje med meg vekt men eg vil tru dei største passerte eg halvt kilo.

Til frukost vart det sjølvsagt sprøsteikt ørret.

frukost

 

Totalt fekk vi 19 ørretar på land, eg og Tore fekk også nokre små som fekk ta turen ut i vatnet igjen for å vekse seg store.

Her er dei fiskane vi tok med oss ned igjen, vi åt fire stykker til frukost.

 

Fangsten

Ein kjempeflott tur, med atteletlause timar i den vakre Russadalen