Kraftig regn

 Kraftig regnver på veg til Morokulien.

Først gikk turen til Morokulien Camping i Magnor. Campingplassen har tilholdsstad 50 meter frå svenskegrensa, og kan godt anbefalast til andre. 

Allereie ved ankomst på hytta vår meldte problema seg. Hjørundfjordportalen hadde litt småproblemer, og ingen hadde tilgong til å ordne opp då alle vi som har tilgong "bak kulissane" var langt frå næraste datamaskin. Ein omskriving av artikkelen vart løysinga, og eg kunne vende tilbake til ei avslappande runde med kortspeling etter mange timar i bilsetet i 32 grader pluss.

Etter ei god natts søvn gjekk ferden til Charlottenberg i Sverige der det vart handla ein god del snop, drikkevarer og tobakk slik som bortimot alle nordmenn på svensketur gjer. Charlottenberg var ein koslig stad, og hadde eigentleg alt ein trengde. Tilogmed rånerane var på plass med dunk-dunk musikk, wonderbaum i spegelen og svenskeflagg ut gjennom ruta. Det siste syns eg var litt drøyt, men dei er no eingong svenskar.

Krigar
 Krigar i Oslo's gater

Vidare gjekk ferden mot Karlstad, som var ein del større enn Trandal kan vi godt seie. Der vart det litt vindu-shopping før vi fann oss ein kosleg uterestaurant å ete middag på før vi vende nasa tilbake til Morokulien Camping. Det vart nokre timar å køyre fram og tilbake, så tida i Karlstad vart noko knapp, men no har eg iallefall vore der.

Etterkvart vende vi nasa mot Oslo der vi tok inn på hotell Munch som ligg i passe gangavstand til Karl Johan. Fortsatt hadde vi eit knallvær med 30 grader i skyggen og steikandes sol frå blå himmel. Lengselen var stor mot heimlege trakter der temperaturen låg på det hærlege 20-talet då det var som varmast for "åss to i osljo". Vi støtta opp om rusmisbrukerane der med å kjøpe bladet "=OSLO", noko som vart verdsett. Syns det er bra at rusmisbrukerane kan få noko meiningsfylt å gjere om dagane istadenfor å sitte å tigge om pengar.

Nedover Karl Johan var det mangt å sjå, men noko av det mest artige slaget var ei krigarstatue som stod på fortauet og svetta. Ungane i gata tigga pengar med foreldra å gi til den berre for å verte skremde "vetalause" når statua plutseleg starta å veive med sverdet og pistolen sin. Eit frydefylt vræl frå dei små lurte fram smila på oss som passerte. Ved neste passering hadde statua teke matpause med eit par forvirra og undrandes duer som tilskoderar.

Nervøs

Eit nervøst og rimeleg tilgjort smil kan
skimtast

Vi avslutta ferien på Tusenfryd etter å henta eldste sonen til sambuaren min på Stange i Hedmark. På Tusenfryd vart eg lurt med i den nye attraksjonen med det klingande namnet "Speed Monster". Ein trevogns-farkost vart skote ut frå startrampa ei kraft på 6000 hestekrefter, noko som skulle tilsvare 0-90 i underkant av 2 sekund. Det heile vart avslutta med eit uvisst antall loop'ar med skru. Turen var alt anna enn behageleg, men eg overlevde og lovde meg sjølv at dette var første og siste gong. Turen varte berre 40 sekund, men eg klagar ikkje.

På veg heimatt frå dei flate åsers land (Austnorge), kunne vi etterkvart skimte Sunnmørsalpane. Eit hærleg syn. 

Borte bra, men heime er best! 

 

 

Forskjellige bilete frå turen: 

 Rasstaden på Lom
Raset på Lom
Vi køyrde forbi rasstaden på Lom på veg heim (på nedoverturen vart vi dirigert over på andre sida av elva), og her var det forskjellig som mangla av vegen, men dei som rydda hadde iallefall arbeid.
 Årets merkelegaste farkort
Økonomi-bobil
Dette må være årets merkelegaste farkost. Ein Sabb med påmontert bobil-utstyr. Dette hadde ikkje gått an å få til i høve Det Norske Regelverk.
I Norge OG Sverige
Svorge?
Kvar er vi no? I Sverige eller i Norge? Legg merke til detaljen på taket til bygget bak. 
Trandalingar på tur
Godt gjort
Kva er sjansane for dette? Møte sambygdingar (Trandalingar) på ein av motorvegane i Sverige. Tenk då på at Trandal har for tida 12(??) innbyggarar. og del det på sjansen for å kome bak akkurat denne eine bilen i Sverige uten å ha avtalt det fyst?