No i kveld vart hjorundfjord.no merksam på to hovud som stakk opp av sjøen eit godt stykke utanfor kaia på Sæbø.  Var det kobber som hadde kome inn i fjorden?

Jakob gebursdag 014

Nei, hamnefogd Tomas Hustad visste at dette var to jenter, men dei hadde visstnok vore ute i sjøen mesteparten av dagen i dag og også av gårdagen.  Det var nok ikkje rart at enkelte kunne tru at det var sel det var snakk om.

Etter kvart kom dei to i land - to svært så trivelege jenter frå Ulsteinvik.  Dei to var June Bergseth, 13 år og venninna Åsta Ottesen også 13 år.

Jakob gebursdag 017

Her ser vi Åsta (t.v.) og June på lemmen på kaia, klar til eit nytt hopp.

Dei to er her på Sæbø saman med June si mor, Jorunn Skeide Bergseth.  Dei tre er på besøk i campingvogna til June si mormor.

Som det går fram av biletet, brukar dei to våtdrakt.  Draktene gjer at dei to kan opphalde seg i sjøen lang tid av gangen - for lenge meinte mamma Jorunn.  Det må også leggast til at June også driv med apparatdykking og ho har to stjerners dykkarsertifikat.

Jakob gebursdag 018

Nytt hopp frå lemmen.  Det tek til å mørkne heller raskt om kvelden, så fotokvaliteten er dessverre ikkje den beste.

Jakob gebursdag 019

Det er berre slik - nokre trivst best i det våte element.

Då hjorundfjord.no forlet staden, høyrde vi framleis smell etter jentene som hoppa i sjøen.  Mamma Jorunn fekk nok problem med å få med seg desse to til campingvogna før det vart skikkeleg mørkt...