3_2701_0

Ordførar Hans Olav Myklebust i Ørsta aksepterer ikkje ny kraftline i luftspenn gjennom Ørsta.

- Vi må ikkje kome i ein situasjon der den eine dalen skal vere meir verdifull enn den andre, sa ordførar Hans Olav Myklebust (FrP) i Ørsta i sin appell. – Dette handlar om framtida vår, då må vi stå saman om å velje moderne løysingar. Kraftliner og luftspenn er ei gamaldags og ressursøydande løysing.

   Etter at Statnett hadde presentert planane sine, kom det kommentarar frå Johnny Loen i Møre og Romsdal fylke, Kenneth Svendsen i Allskog og Bjarne Rekkedal frå reiselivsnæringa i Ørsta.

    Loen gjorde greie for dei naturvernomsyna fylket tek i slike sakar. Han fokuserte på at kraftliner i seg sjølv er inngrep i leveområde for dyr og plantar. Dessutan kan kraftliner dele opp samanhengende naturområde, noko som kan redusere verdien av området for mange dyr og plantar. Kraftliner kan også kome i direkte konflikt med truga plantar og dyr, eller med sjeldne naturtypar.  

  Svendsen streka under dei store skogressursane som finst på Vestlandet. Ei kraftline vil legge beslag på store delar av desse, samstundes som verdien av skogen aukar sterkt, m.a. på grunn av auka etterspurnad av bioenergi. Svendsen var også opptatt av at dei landskapskonsekvensane ei kraftline kan få. Dette er eit trugsmål mot mange som forsøker å livnære seg i utmarksnæring av ulike slag.

   Rekkedal la stor vekt på at Vestlandsfjordane er eksklusive. For oss som bur her kan dei bli sjølvsagte, ofte må vi reise ut for å forstå kor eksklusive dei faktisk er. Det å sette denne verdien på spel gjennom byggjing av ei kraftline gir store tap, både for reiselivsnæringa og for dei som bur i fjordane.

   Lars Haltbrekken, leiar i Norges Naturvernforbund, viste til dei utfordringane Noreg har når det gjeld å ta vare på det biologiske mangfaldet. Stortinget har vedtatt å stoppe tapet av biologisk mangfald innan 2010. Det er dårleg samsvar mellom dette vedtaket og alle dei forslaga Statnett no lanserer om kraftliner frå Finnmark i nord til Setesdal i sør. Haltbrekken streka under at tida no er overmoden for at også bygging av kraftliner no må forhalde seg til miljøomsyn. Det vil seie kabling i eit langt større omfang enn tidlegare. -

    Statnett må få ein ny instruks frå Storting og Regjering, var kravet frå Naturvernforbundet. – I denne instruksen må miljøomsyn bli mykje viktigare, og vi må få synliggjort kva det kostar å ikkje kable kraftliner, sa Haltbrekken.  

   Stortingsrepresentant Bjørn Jacobsen (SV) var klar på at kabling må utgreiast som eit reelt alternativ for å bli ei løysing som kan få politisk oppslutning. Han etterlyste tydelegare informasjon om kva som går tapt ved kraftliner og kva som kan vinnast med kabling – då vil det vere mogleg for politikarane å diskutere desse spørsmåla på fritt grunnlag. Jacobsen håpa difor at Statnett ville legge fram ein søknad om kabling. Han oppmoda også Naturvernforbundet og Folkeaksjonen til halde fram arbeid overfor alle politiske parti. I debatten etter møtet var det brei oppslutning om kravet om kabling.

   Ordførar Bjørn Lødemel (H) frå Hornindal arbeider med å byggje alliansar med kommunane i Hardanger og Setesdal som også arbeider for kabling av 420 kV kraftliner. Sigmund Stene (H) frå Ørskog ville også ha riving av eksisterande liner når nye liner kom på plass, og gruppeleiar Olav Bratland (H) og fylkestingsrepresentant Reidun Klock Tjervåg (Sunnmørslista) i fylkestinget støtta opp om krava frå kommunane.

Inge Kolås frå Folkeaksjonen og Øystein Solevåg frå Naturvernforbundet avslutta møtet med å lova vidare kamp mot kraftlina og for kabling.

7_2701_0

Om lag hundre personar møtte på kraftlinemøtet på Bondalen grendehus.