Jørund Aklestad er 20 år og student, men ferien brukar han slett ikkje berre til strandliv og avslapping.  Nei, denne karen er-  og har vore avløyar i fellesfjøsen i Kvistaddalen kvar sommar sidan han var 15 år.  Ein av eigarane av fjøsen, Aage Solhaug, nøler ikkje når hjorundfjord.no spør:  - Betre avløysar enn Jørund er det uråd å få tak i...

Fellesfjøs og Somby 009

Her er dei 24 kyrne på fellesbeitet inne til mjølking.

I sommar har det vore 24 kyr på fellesbeitet til Kvistad beitelag.  Dei som eig desse kyrne er Aage Solhaug, Sverre I Mo og Anne Kristin og Askjell Hustad.  Kyrne er ute både dag og natt, men kjem inn i fellesfjøsen kveld og morgon for å få litt kraftfor og verte mjølka.  Som det går fram av biletet over, har desse kyrne det svært godt.

Den som stort sett har hatt ansvaret for arbeidet i fjøsen i heile sommar, er som allereie nemnt Jørund Aklestad.  hjorundfjord.no sin utsende har også vore heldig å få nytte seg av Jørund si arbeidskraft i sommar, for den karen har stor arbeidskapasitet.  Det var difor ikkje overraskande for hjorundfjord.no at det var ro og orden i fjøsen då vi kom til staden. 

Fellesfjøs og Somby 012

Jørund vaskar og stimulerer her juret på kua før mjølking.

No må det avslutningsvis leggast til at Jørund hadde ei veke ferie frå fellesfjøsen tidlegare i sommar.  Og kva gjorde han då?  Jau, då var han klauvskjerar, inseminør og avløysar i Nordfjord...

Heilt til slutt legg vi til at Jørund kan meir  enn å gjere fjøs.  Dette vil hjorundfjord.no kome tilbake til.