hjorundfjord.no har nyleg nemnt at Jørund (Aklestad) er superavløysar, men eit fåtal av oss er nok klar over at denne ungdommen hadde laga ferdig sin første sportsbil i ein alder av 17 år.

Bilen til Jørund 002

Her står Jørund ved siden av sin sjølvbygde sportsbil - Føhnix.

Bilprosjektet starta Jørund på i ein alder av berre 15-16 år.  Då han var 17, var bilen lakkert og ferdig.  No hadde rett nok Jørund allereie bygd ein bil før - Føhnix I.  Dette er ein motorisert kassebil som hjorundfjord.no vil kome tilbake til.

Bilen til Jørund 003 

Her ser vi Føhnix bakfrå.  Legg merke til dei elegante linjene.

Nei, la vi med ein gong understreke at dette ikkje er eit ferdigkjøpt byggesett.  Heller ikkje er sportsbilen eit halvfabrikata.  Jørund starta med  ramma til bilen.  Den vart laga av pappa Sigve si gamle Vossakasso - eit reiskap som vert brukt til å forhauste opp i.

Så var det å skaffe seg ein motor.  Løysinga vart å kjøpe Bjarne Riise sin gamle Honda Civic.  I tillegg til motoren, brukte han hjulstag og hjuloppheng frå denne Hondaen.  Men så har Hondaen framhjulsdrift.  Sportsbilen til Jørund skulle ha - og har - bakhjulsdrift.  Løysinga vart å flytte hjulstag og hjuloppheng frå framparten av Hondaen til bakparten av Føhnix.  Nytt hjuloppheng framme laga Jørund sjølv.

Bilen til Jørund 019

Her ser vi Jørund sitt sjølvbygde hjuloppheng framme.  Framhjula vart lkøpt nye - truleg skulle dei tilhøyre ein motorisert plenklippar.

Karosseriet er laga 100 % av Jørund sjølv.  "Kroppen" av bilen er laga i aluminium.  Skjermane er laga av jarn/stål og bogane over skjermane er laga av glasfiber.

Bilen til Jørund 022

Biletet osar av fart.  Dei vakre bogane over bakskjermane er laga av glasfiber.

Jørund innser no i ettertid at han burde ha hatt litt meir verkty før han starta med å bygge eigen bil.  Men heldigvis fekk han låne verkstaden til Ivar Svein Mo slik at han fekk knekt platene på korrekt måte då karosseriet vart laga.

Ein vakker sportsbil har gjerne treverk i dashbordet.  Føhnix er ikkje noko unnatak av den regelen.  Men mahogny er ikkje noko før Jørund.  Han fann raskt ut at ikkje noko er vakrare enn norsk bjørk.

Bilen til Jørund 016

Her ser vi Føhnix sitt dashbord - i bjørk. Legg merke til detaljane.  Zoom inn - og du vil sjå dei sjølvlaga innstrumenta på kvar side av rattet. Bilen har sjølvsagt stereoanlegg med CD-spelar.

Bilen til Jørund 014

Logo og bokstavar er sjølvlaga - kunne du tru noko anna?

Bilen til Jørund 020

Bilen har påsett eigne registreringsskilt.

Det einaste minuset hjorundfjord.no ser med denne bilen, er at den ikkje nokon gong vil vere å sjå på offentleg veg.  Den kan diverre ikkje registrerast. Men bilen har nok heilt sikket gjeve Jørund stor glede under byggeprosessen.  Når vi spør om utlagde pengar og medgått arbeidstid, smiler berre Jørund lurt og vert fjern i blikket.  Likevel kjem det etter kvart fram at kanskje har han lagt ut kr. 20 - 30.000 for å få bilen ferdig.  Arbeidstid?  Nei, her har nok byggherren ikkje peiling.

Bilen til Jørund 011

Det er slett ikkje lett å få Føhnix skarp.  Vi snakkar tross alt om ein fartsmaskin...

Bilen til Jørund 017

Jakob er enig i at ein kan drøyme seg vekk bak rattet ein slik bil.

hjorundfjord.no har mange bileter, men dette får vere nok i denne omgang.  (Og snart kjem vel Autofil..) Men Jørund har meir på lager.  Det gjeld å fylgje med på hjorundfjord.no.

P.s.: For å få fram stor versjon av bileta - slik at ein får sett bilen skikkeleg:  Trykk på biletet med venstre musetast.  Vent på firkanten med ei pil i kvar retning, nede i høgre hjørne på biletet (det kan ta litt tid).  Trykk så på denne firkanten med venstre musetast og du får ein stor versjon.

d.s.