I desse hå-slått tider kan det hende at ein eller annan slåttereiskap sviktar.  Skal ein då kaste eller reparere?  På Årset gjer ein sjølvsagt det siste...

Bading og naboar 028

Arild Aaarseth er ikkje berre snikkarmeister - han reparerer også forhaustaren når det trengs, men kvar er feilen?

Bading og naboar 030

Jau, her kikkar ein kar inn i holdet under, ja... Karen er Jostein og heiter Hanebrekke til etternamn.  Feilen er funnen og Arild borar, men trengs ikkje her ein ekspert?

Bading og naboar 032

Her er ekspertnabo Asbjørn(Moe) kome på plass.

No held sjølvsagt hjorundfjord.no seg for god til å nemne den tidlegare barnetv-serien Pompel og Pilt.  Heller ikkje nemner vi den tjekkiske dukkefilmserien "To gode naboer", for gjekk det ikkje gale med reperatørane i begge desse seriane?

Nei, denne forhaustaren er no i full drift igjen - berre så det er sagt.